FØRSTE DAG: Måndag hadde Ole Ramshus Sælthun sin første dag som arrangementskoordinator i Lærdal Næringsutvikling.
Folk
FØRSTE DAG: Måndag hadde Ole Ramshus Sælthun sin første dag som arrangementskoordinator i Lærdal Næringsutvikling. (Bilde: Lærdal Næringsutvikling)
Folk

Ferdig med første dag i ny jobb. Slik skal han prøve å utvikle arrangementa i bygda

Måndag hadde Ole Ramshus Sælthun sin første dag i den nyoppretta stillinga som arrangementskoordinator i Lærdal Næringsutvikling.

Lærdal: Sælthun kjem frå stillinga som journalist i Porten.no. 

– Det er veldig ulikt det å vera journalist i det daglege, men tankegodset er mykje likt i det at eg skal marknadsføra noko. Som journalist, må ein tenkja sal gjennom bilete, tittel og tekst. No skal eg prøva å selja eit arrangement, seier han.

32-åringen har tidlegare jobba i Bondelaget, der han tek med seg erfaringar frå det å jobba meir direkte med arrangement. I sommar fekk han den nyoppretta stillinga blant 21 søkjarar.

Utvikle arrangementa

Måndag hadde Sælthun sin første dag. Han har allereie rekt å nå ut til nokre av aktørane for å kartleggja behova og finna nærare ut kva han faktisk skal driva med. Lærdølen fortel at stillinga vil bli litt til undervegs.

– Utgangspunktet for stillinga var nettopp at dette var eit ønske frå arrangementa. Tilbakemeldingane så langt er unisont positive, men mange har lurt på kva eg eigentleg skal gjera. Poenget er å finna moglegheiter for utvikling av arrangementa. Eg skal ikkje koma opp med noko og tre over hovudet deira, men få fram idear, så frø og hjelpa til med marknadsføring for å nemne noko, forklarar han.

Allereie i helga går eit av årets store arrangement av stabelen i Haustmarknaden. Sjølv om marknaden kjem litt tidleg på den nytilsette, har han spelt inn nokre tips. 

Potensiale

Sjølv trur han det er eit bra potensiale i arrangementa i kommunen.

– Det er jo veldig bra frå før, så ein må ikkje nødvendigvis gjera enorme tiltak, men heller leggja til nokre element eller betra eksisterande element slik at publikum blir meir nøgde og næringslivet kan dra meir nytte av det.

– Eit arrangement som i dag har passe besøk og går over berre éin dag, kan til dømes byggjast ut med eit opplegg kvelden før, kanskje noko foredrag og så vidare, slik at det blir ekstra overnattingar og alt det medfører. Det er slik eg skal tenkja.

Fram til og med 2018 vil Sælthun vere tilsett i Lærdal Næringsutvikling sidan dette er ein del av omstillingsarbeidet til kommunen. Målet er at næringslivet og aktørane sjølve skal inn og bidra etter dette.

Til toppen