STARTAR PÅ ANDRE DEL: Statens vegvesen er ferdig med første del av ombygginga av styringssystemet i Lærdalstunnelen. Etter nyttår startar andre del. Foto: Flickr/Kjell Jøran Hansen.
STARTAR PÅ ANDRE DEL: Statens vegvesen er ferdig med første del av ombygginga av styringssystemet i Lærdalstunnelen. Etter nyttår startar andre del. Foto: Flickr/Kjell Jøran Hansen.

Ferdig med første del av ombygginga

Første del av ombygginga av styringssystemet i verdas lengste vegtunnel er no ferdig.

Lærdal: Etter nyttår startar arbeidet på neste etappe, som går frå seks til 12 kilometer inn frå Nyheim, på Aurlandssida, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. 

Det vert kolonnekøyring gjennom denne delen av tunnelen frå måndag morgon til laurdag ettermiddag. Fartsgrensa vert sett ned til 70 km/t på dei første 12 kilometrane, med fri ferdsel i resten av tunnelen. Arbeidet startar tysdag 5.januar. 

Årsaka til denne ombygginga er at Lærdalstunnelen skal få kameraovervaking og nye telefonar i naudskåpa. 

Heilt utkopla

I etappar på seks kilometer av gongen skal styresystemet byggjast om. For kvar etappe på delar av tryggleiksutrustinga i tunnelen koplast ut. Det betyr at alarmar og automatikk frå naudskåpa blir vehhe og ikkje fungere før styringssystemet i heile tunnelen er bygd om.

Difor vil alarmen i naudskåpa, samt atomatisk stenging og start av brannventilasjonen vere ute i heile tunnelen på eit tidspunkt. Sett vekk frå dette vil resten av tryggingsutstyret fungere som vanleg. 

– Naudtelefonane vil vere i drift, ventilasjonen vil virke og kunne styrast lokalt og frå Vegtrafikksentralen (VTS), samt at tunnelen kan stengast lokalt og frå VTS. Mobil og nødnett blir heller ikkje påverka av denne jobben, seier byggjeleiar Jens-Ivar Nilsen. 

Set ned fartsgrensa

I forkant av arbeidet har Statens vegvesen gjort ei risikovurdering og kome fram til ei rekke tiltak for å kompensere for systema som er nede. Nedsett fartsgrense til 70 kilometer i timen er eitt av dei.

– På denne måten signaliserer vi til trafikantane at det er noko som er utanfor normalen i tunnelen, sjølv om det kanskje ikkje vil vere arbeid i tunnelen til ei kvar tid. Vi ynskjer å skape minst mogleg irritasjon og forseinkingar for trafikantane, men vi veit at nedsett fartsgrense bidreg til å få ned både risikoen og konsekvensane av ei ulukke i tunnelen, seier Nilsen. 

Til toppen