Kaupanger: Tidlegare i dag krasja ferja Fanaraaken då ho skulle legga til kai i Kaupanger. No ligg ho litt på halv sju ved kaia med ein kraftig bulk i skroget.
– Me fekk melding om at ferja hadde hatt ein uheldig samanstøyt med kaia. Det var mindre skadar på ferja og ingen personskadar, difor blir det ikkje oppretta noko politisak på dette, seier Hans Eirik Thue ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.
Ferja tilhøyrer The Fjords, eitt av søsterselskapa til Fjord1, og går på turistruta mellom Kaupanger og Gudvangen.
Det var reiarlaget som sjølve melde frå om samanstøyten til politiet klokka 15.35 i dag. Førebels har Porten.no ikkje lukkast med å få kontakt med nokon derifrå reiarlaget for kommentar.