KRAFTIG SMELL: Biletet viser at ferja må ha hatt god fart då samanstøyten skjedde.
KRAFTIG SMELL: Biletet viser at ferja må ha hatt god fart då samanstøyten skjedde. (Foto: Elias Ramstad Bergseth)

Ferja må til reparasjon – førebels ingen avgangar på turistruta

MS «Fanaraaken» må på verkstad etter gårsdagens ublide møte med ferjekaia på Kaupanger. Førebels er det ingen reserveferje som kan steppa inn på ruta mellom Kaupanger og Gudvangen.

Sogndal: Det var i 15.30-tida i går at ferja MS «Fanaraaken» fekk ein kraftig smell i møtet med kaia på Kaupanger. Resultatet vart ein stor bulk i skroget, og ferja er no sett ute av spel.

– Det kom ein vind som tok ho. Det er ei hending som ingen kan klandrast for, seier Rolf Sandvik, administrerande direktør i The Fjords, reiarlaget som driv sambandet.

Skaden er såpass stor at ferja må på eit verft for å bli sett i farbar stand.

JOBBAR MED ALTERNATIV: The Fjords-sjef Rolf Sandvik seier dei jobbar med å få ei ny ferje på sambandet. Foto:  Halvor Farsund Storvik

– Me vil prøva å få reparert ho så fort som mogleg, seier Sandvik.

Han fortel at dei har ei reserveferje ledig, men ho ligg for langt unna til at ho kan gå rett inn på sambandet. 

– Me har hatt litt utfordringar med å skaffa ei ferge til ruta, men jobbar med å få det til. Det heldige er at me har Fjord1 som er ein stor eigar, og har ferjer for oss i slike situasjonar. Me blir ikkje så berrørt som om me hadde stått heilt åleine, seier reiarsjefen.

Samanstøyten gjer at dei må kansellere ei rekkje turar. Sandvik seier at alle kundane som har booka tur blir varsla. Han vil ikkje gå med på at det trass alt var betre at samanstøyten skjedde no, og ikkje midt i høgsesongen.

– Ingen slike hendingar er hell i uhell. Dette er slikt som ikkje skje, seier han.

UTE AV SPEL: MS «Fanaraaken» får ein uønska pause frå avgangane på turistruta mellom Gudvangen og Kaupanger medan ho ventar på å bli reparert. Foto: Halvor Farsund Storvik
Til toppen