Fodnes: Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding onsdag. Det betyr at det blir endringar i rutetidene i neste veke.
– Me har lagt opp til at arbeidet med å ta ned stein startar etter klokka ni på morgonen, då kan ferjekaia vere i drift slik at folk kjem seg på jobb og skule, seier byggeleiar Svein Jarle Slinde.
Det er òg teke omsyn til at det er meir trafikk på torsdag og fredag, og arbeidet vert difor avslutta tidlegare desse dagane.
Fjellreinsk
Årsaka til endring i ruta er at det skal pågå fjellreinsk på Fodnes ferjekai. Når stein skal takast ned, kan det ikkje vere trafikk på kaia.
– Det vil bli aktivitet i dette området også etter desse dagane med stengingar, det skal mellom anna setjast opp over 300 meter rasfanggjerde og 1200 kvadratmeter issikringsnett. Køyremønsteret på kaia kan bli endra i samband med dette arbeidet, seier byggeleiaren.
Sikringsarbeidet på Fodnes ferjekai skal vere ferdig i midten av desember.
Kriserute måndag 17.oktober til onsdag 19. oktober:
Frå Mannheller: 09:00, 09:45, 10:30, 11:15, 12:00, 12:45, 13:30, 14:15, 15:00, 15:45, 16:30
Frå Lærdal: 09:45, 10:30, 11:15, 12:00, 12:45, 13:30, 14:15, 15:00, 15:45, 16:30, 17:15
Kriserute torsdag 20. oktober og fredag 21. oktober:
Frå Mannheller: 09:00, 09:45, 10:30, 11:15, 12:00, 12:45, 13:30
Frå Lærdal: 09:45, 10:30, 11:15,12:00,12:45,13:30, 14:15