SOMMARRUTE: Om sommaren går ruta mellom Gudvangen og Kaupanger kvar dag - då har innbyggjarane på Frønningen eit dagleg rutetilbod. Men på vinteren går ferja berre tre gonger i veka, noko som gjer at familien Lyngset på fire flyttar frå bygda til Nord-Noreg. Illustrasjonsfoto: Arne Veum
SOMMARRUTE: Om sommaren går ruta mellom Gudvangen og Kaupanger kvar dag - då har innbyggjarane på Frønningen eit dagleg rutetilbod. Men på vinteren går ferja berre tre gonger i veka, noko som gjer at familien Lyngset på fire flyttar frå bygda til Nord-Noreg. Illustrasjonsfoto: Arne Veum

Ferjefråvêr fører til fråflytting

Frønningen mistar nesten ein tredel av innbyggjarane sine.

Lærdal: – No er eventyret slutt. Og det er i hovudsak på grunn av ferjetilbodet som har blitt så dårleg, fortel Reidar Lyngset.

NRK Sogn og Fjordane har i dag ein stor reportasje om familien som i 2008 bygde seg hus på Frønningen.  Reidar Lyngset vaks opp her, og paret – som no er vorte ein familie på fire – hadde ein draum om å leva i det veglause, vesle samfunnet med 13 innbyggjarar. Men no er det altså slutt, no blir det att ni:

– Vi gjekk frå eit ferjetilbod sju dagar i veka til under halvparten. Ein slit seg ut berre ved å gruble på korleis ein skal komme seg til og frå. Dei fleste kjem jo seg heim att den dagen dei går på fri, men eg må gjerne vente ein dag eller så før eg kjem meg heim, seier Kari Helene Flæte Lyngset.

– For mykje pengar

I vinterhalvåret går ferja berre tre gonger i veka.

Tidlegare var det Fjord1 som hadde ruta, men er no teke over av privateigde Fjord2. Om sommaren er dette turistrute med dagleg avgangar. På vinteren gjeld det offentlege rutekjøpet frå Fylkeskommunen med tre gonger i veka. Då har selskapet eit fast honorar for å køyre den faste ruta.

Ekteparet fortel vidare til NRK at dei har prøvd å få hjelp frå kommunen til å mellom anna støtte opp om ei ferjerute på søndagen i tillegg til måndag, onsdag og fredag.

– Dei kunne i alle fall svare oss. Vi skjønnar at kommunane kan ha dårleg råd, og at det er pengane dei kan skulde på. Men det handlar om å ta innbyggjarane sine på alvor. Så det er frustrerande å ikkje bli høyrt, seier Flæte Lyngset.

Lærdalsordførar Jan Geir Solheim beklagar at familien ikkje har fått svar, og forklarar  det heile slik:

– Me har hatt forhandlingar og snakka med ferjeselskapet, men det vert fort mykje pengar for kommunen. Det er minus på budsjetta og tome fond.

Les heile den store reportasjen til NRK Sogn og Fjordane her.

 

Til toppen