Årdal: I ein rapport frå tankesmia Norsk klimastiftelse blir Norsun i Årdal løfta fram som eitt av seks eksempel på grøne verksemder på Vestlandet som vil skapa hundrevis av nye arbeidsplassar i framtida.

– Solenergi veks over heile kloden, og silisiumskiver er ein viktig komponent i solcellene. I Årdal blir det produsert slike skiver med det lågaste CO2-avtrykket i verda. Dette er eit viktig konkurransefortrinn for Norsun, står det i rapporten.
Dei viser til ein analyse som spår at Norsun vil generera 274 nye arbeidsplassar dersom planane om å dobla produksjonen blir sett ut i live.
- Les også: Norsun-direktøren: Trur ikkje Trump-vedtaket er negativt for Norsun
- Les også: Fleire småras gjorde at Norsun-arbeidaren kom for seint til jobb
Dei fleste arbeidsplassane vil koma lokalt
Av desse arbeidsplassane vil 75 koma på fabrikken i Årdal, resten vil koma som ringverknader av Norsun-satsinga. Men òg desse jobbane vil i stor grad vera lokale, trur mannen bak analysen.
– Me har ikkje rekna på akkurat dèt, men mange av arbeidsplassane vil bli skapte i tenesteytande næringar, og slike tenester kan du ikkje kjøpa langt vekke, seier Jens Furuholmen i Vista Analyse, og nemner helse, undervising og den lokale matbutikken som eksempel.
– Sett opp mot verdien av det dei produserer, så har Norsun få tilsette. Samtidig skal dei som jobbar der plukka opp ungane i barnehagen og handla på Kiwi etter jobb. Det er bransjar som krev mykje arbeidskraft samanlikna med produksjonsverdien, seier han.
Talle: – Me driv framleis og planlegg
Norsun har i dag 224 tilsette. Hovudkontoret er i Oslo og fabrikken på Årdalstangen. Analysen tek utgangspunkt i ei dobling av produksjonen. Men ambisjonane til Norsun er langt større.
– Me har tidlegare snakka om tidobling, men det kan fort bli snakk om å tjuedobla produksjonsvolumet frå i dag, seier fabrikksjef Steinar Talle.
Ei eventuell full utbygging vil skje i tre trinn. Det første vil vera å byggja ein pilotfabrikk for å testa ut ny teknologi, dei to neste blir å byggja ut produksjonen basert på denne nye teknologien.
Talle seier det er vanskeleg å tidfesta når me kan venta ei avgjerd på om det blir utbygging.
– Me driv framleis og planlegg. Det er eit stort prosjekt, seier han.