STORE PLANAR: Eivind Aadland er professor ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Nyleg søkte han forskingsrådet om 40 millionar kroner i støtte til ein studie retta mot å få meir fysisk aktivitet i barnehagane.
STORE PLANAR: Eivind Aadland er professor ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Nyleg søkte han forskingsrådet om 40 millionar kroner i støtte til ein studie retta mot å få meir fysisk aktivitet i barnehagane.

Fersk professor vil setta i gang den største barnehagestudien verda har sett

Gjennom ASK-prosjektet fekk idrettsmiljøet i Sogndal gjennomslag for èin time fysisk aktivitet i skulen. No ønskjer dei det same aktivitetsløftet for dei minste ungane.

Sogndal: Høgskulen på Vestlandet har søkt forskingsrådet om 40 millionar kroner i støtte til å gjennomføra ein studie retta mot å få meir fysisk aktivitet i norske barnehagar.

Det samla budsjettet i søknaden er på over 80 millionar kroner. Målet er å få med meir enn hundre barnehagar og 2000-3000 ungar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det vil bli den desidert største studien internasjonalt på dette feltet, seier Eivind Aadland, som nyleg vart professor i ein alder av berre 36 år.

Internasjonalt nybrottsarbeid

Gjennom ASK-prosjektet greidde Høgskulen i Sogn og Fjordane (no HVL) å setta fysisk aktivitet i skulen på dagsorden. I desember i fjor vart det sikra fleirtal for èin time fysisk aktivitet kvar dag i skulen.

Men aktivitetsnivået til ungar under seks år veit forskarane lite om. Det ønskjer idrettsmiljøet i Sogndal å gjera noko med.

– Barnehagen er ein viktig arena, på same måte som skulen, for der når me dei fleste barna. Blant dei eldste ungane går nesten alle i barnehagen, mellom 97 og 98 prosent, og dei tilbringer mesteparten av tida der på kvardagane seier Aadland.

Dei har allereie kartlagt aktivitetsnivået i barnehagar i Sogn og Fjordane, det òg tal som er etterspurde internasjonalt. Kva tala viser kan ikkje Aadland seia noko om før dei er publiserte, noko som truleg skjer i haust.

– Slike tidsskrift har strenge reglar, me kan ikkje gå ut med noko i media før det er publisert der, seier Aadland.

Forsiktig optimist

Prosjektet dei no har søkt om midlar til, og som har fått namnet ACTNOW, er meir omfattande. I tillegg til testing og måling, handlar det om å auka kunnskapen til dei barnehagetilsette om korleis dei kan fremma fysisk aktivitet, noko som krev tett oppfølging.

– Det er ikkje dermed sagt at barnehagane i fylket eller Norge er dårlege, men me ønskjer å bli enno betre enn me er i dag, seier Aadland.

I november vil dei få svar på om søknaden er innvilga.

– Eg meiner me har ein god søknad, men det er det heilt klart mange andre òg som har, så det blir knallhard konkurranse. Det er alltid slik når du søker hos forskingsrådet, det er størst sjanse for å ikkje få. Men me har gjort ein solid jobb, og kryssar fingrane, seier Aadland.

Til toppen