INGEN GYRO: Prøvane som Tor Atle Mo og Torkjell Grimelid tok av yngel i Lærdalselvi i byrjinga av september, var negative. – No er me eitt steg nærare målet, seier Lasse Sælthun i Lærdal Elveeigarlag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
INGEN GYRO: Prøvane som Tor Atle Mo og Torkjell Grimelid tok av yngel i Lærdalselvi i byrjinga av september, var negative. – No er me eitt steg nærare målet, seier Lasse Sælthun i Lærdal Elveeigarlag. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Ferske prøvar viste ikkje teikn til gyro i Lærdalselvi

Testane som var gjort i byrjinga av september er negative. – No er me eitt steg nærare målet. 

Lærdal: Det seier Lasse Sælthun, som er leiar i Lærdal Elveeigarlag. Dei ferske resultata frå prøvane som blei tekne tidlegare denne månaden, viser framleis ingen teikn til den frykta lakseparasitten.

– Det blir litt som når du går mot eit mål, og no er me eitt steg nærare. Men me må venta med å opne whiskey-flaska til neste haust, åtvarar han.

Det er nemleg først når det har gått fem år at ein kan kalle elva for gyro-fri. 

– For kvar einaste prøve me har no som er negativ, altså at det ikkje er funne gyro, så blir me sterkare og sterkare i trua på at ein lukkast, legg han til.

Nøye testing

Prøvane som vart tekne denne månaden er dei første av to som skal takast i år. Porten.no var med då Tor Atle Mo og Torkjell Grimelid sjekka elva i byrjinga av september. 

MÅL: Leiar i Lærdal Elveeigarlag, Lasse Sælthun, seier dei er eitt steg nærare mål med Lærdalselvi no. Arkiv
MÅL: Leiar i Lærdal Elveeigarlag, Lasse Sælthun, seier dei er eitt steg nærare mål med Lærdalselvi no. Arkiv

Då går dei gjennom 20 faste postar nedover elva, der dei tar med seg om lag ti yngel frå kvar post. 

– Så rundt 200 yngel er sjekka, og då er det ikkje tilfeldigheiter ute og går, kommenterer Sælthun. 

– Kva betyr dette for Lærdalselvi og Lærdal Elveeigarlag?

– Det betyr jo at ting blir meir forutsigbart. Me har kunna leigd ut elva dei siste åra også, men alldri visst korleis året etter ville sjå ut. Nå har me att eitt år, og så kan me kanskje byrja å langtidsplanleggja på ein annan måte, forklarar han.

Men endringar i fisketid og fiskereglar vert det ingen diskusjon på før til neste år, held han fram.

– Variabel sesong

Når det gjeld sesongen i sin heilskap, var den på nivå med fjoråret. Tal frå Scanatura syner at det er teke 1126 laks i sommar, samanlikna med 1139 i fjor. Trass færre fisk, var den totale vekta på fangsten tyngre. I 2016 var den totale vekta 8422,4 kilo, medan for 2015 var tilsvarande tal 7040,1 kilo. 

– Sesongen var litt variabel, trur eg me kan seia. Det var veldig godt fiske i nedre og midtre del av elva, medan i øvre del var det ikkje på same nivå, fortel Sælthun. 

Til toppen