VESTLAND: Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet ligg på topp tre i meiningsmålinga for Vestland fylkesting.
VESTLAND: Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet ligg på topp tre i meiningsmålinga for Vestland fylkesting. (Kollasje: Arkiv)

Ferskt partibarometer for Vestland: 15 mandat til Ap, 8 til Sp. Hestetun: – Garanterer skulemat til alle om me får fleirtal

To veker før valet er det stor spenning  kring korleis kabalen i det nye fylkestinget for Vestland vil bli.

Vestland: Ei rykande fersk meiningsmåling frå Sentio Research syner at Arbeidarpartiet ligg best an med 15 mandat. Målinga er bestilt av Porten.no, NRK, Sogn Avis og Ytre Sogn.

Nummer to på lista er Høgre med ti mandat, og på tredjeplass kjem Senterpartiet med åtte mandat. 

Basert på intervju med tusen personar i Hordaland og Sogn og Fjordane, har Sentio Research rekna ut kva parti folk ville ha stemt på om det var kommuneval i morgon. 

Dersom resultata blir tilsvarande for fylkesvalet, vil partia som er for fritt skuleval få 35 mandat, medan dei som er imot berre ville ha fått 23 mandat.

Hestetun (Ap): – Godt utgangspunkt for å danne fleirtal

Anne Gine Hestetun er fylkesordførar i Hordaland og førstekandidat for Vestland Arbeidarparti. Ho er nøgd med målingane. 

– Eg tenkjer at eg først og fremst er glad for at me er den klart største gruppa. Dét er eit godt utgangspunkt for å danna eit fleirtal etter valet. Så må eg tilføye og konstatera at det ikkje er fleirtalalternativ for høgresida, men at det er fleire ulike alternativ på vår side med utgangspunkt i at Ap leiar fylket, seier Hestetun. 

– Kven vil de samarbeide med og kven vil de ikkje? 

– Der er me klinkande klare. Me kan samarbeide med alle utanom Høgre, FrP og Bompengepartiet. Me ønskjer å vidareføre det gode arbeide me har drive fram denne fireårsperioden, og ser fleire utgangspunkt til samarbeid som kan vera aktuelle. 

Ho seier at det i samband med fylkessamanslåing og oppretting av nytt fylkesting er viktig å ha fokus på stabilitet og kontinuitet, meir enn nokon gong. 

– Det er viktig no meir enn nokon gong å ha fokus på kontinuitet og stabilitet i samband med arbeidet som er oppstarta i dei to ulike fylkestinga.

– Dersom fylkestinget blir slik som i meiningsmålinga, ser du nokre saker dette kan få konsekvensar for? Til dømes ser det ut til å bli fleirtal for fritt skuleval.

– Det er ingen tvil om at det er valresultatet som avgjer korleis mandata blir fordelt. Men viss det får eit utgangspunkt, slik som det ligg and til i denne målinga, kan eg garantera at det blir skulemat til alle elevar i heile Vestland. Ei god skulehelseteneste skal prioriterast og retten til å gå på nærskulen sin. Me kjem òg til å vera tydelege på klima- og miljøpolitikken.

 

Heen (Sp): – Ein interessant måling

Aleksander Øren Heen er andrekandidat for Vestland Senterparti. Til Porten.no seier han at meiningsmålinga er interessant. 

– Eg meiner det er ei interessant måling som visar at ingen kan få fleirtal utan Senterpartiet. Det er ein interessant posisjon for oss. At me er det tredje største partiet gir oss mulighet for sikre posisjonar og sikre Senterparti-politikk på fylkestinget, seier han. 

– Kven vil de samarbeide med og kven vil de ikkje? 

– Me har ikkje sagt kven me vil eller ikkje vil samarbeide med. Me held døra open. Det som er viktig for oss, er å få gjennomslag for våre saker som blant anna å oppretthalde vidaregåande skular og sikra vegnettet i heile Vestland. 

– Dersom fylkestinget blir slik som i meiningsmålinga, ser du nokre saker dette kan få konsekvensar for? Til dømes ser det ut til å bli fleirtal for fritt skuleval.

– Det er mange saker som er aktuelle. Dette handlar om kva retning me vil gå i. No er det mykje merksemd kring bompengar i Bergen, og for vår del er det viktig å sjå heile Vestland, med Sogn, Hordaland, Nordfjord og Sunnfjord. Sp vil sikra ein politikk for heile Vestland, seier han. 

Distad (H): – Ikkje nøgd med resultatet

Noralv Distad, noverande ordførar i Aurland, er andrekandidat for Vestland Høgre. Han er ikkje nøgd med resultatet i meiningsmålinga. 

– Me må jobba for å få meir enn ti mandat, me må prøve å få betre resultat enn det. Det blir oppgåva resten av valkampen. Det resultatet er me ikkje nøgde med, seier Distad til Porten.no.

Han meiner at resultata kan vera prega av at meiningsmålinga vart innhenta under ei tid då det ikkje var avklaring kring bompengar og andre saker. 

– No har me fått forklaring på det, samt fått plan for auka satsing på samferdsel. Distrikta kjem godt ut i høve breiband, auka kollektivmidalr og rassikring. Det reknar eg med vil få god utteljing til valet, seier Distad. 

– Kvan vil de samarbeide med og kven vil de ikkje? 

Samarbeidsforhandlingane får me ta stilling til etter valet. Men me vil jobba for å få posisjonar som har innflytelse, og aller viktigast er det me skal levera politisk. Utdanning,  samferdsel, samt vera positive til næringsutvikling og legge til rette for det er viktig for oss. Me er veldig klar til å ta førarsetet i nye Vestland. Det er sjølvsagt målet vårt å få fylkesordførar, seier Distad. 

– Dersom fylkestinget blir slik som i meiningsmålinga, ser du nokre saker dette kan få konsekvensar for? Til dømes ser det ut til å bli fleirtal for fritt skuleval.

— Fritt skuleval er viktig for oss. Me ha hatt det internt i Sogn og Fjordane, og det har fungert kjempegodt. Fylkesgrensa har vore hinder for dei som bur nær grensa. Fritt skuleval kjem elevar til gode og vil motivera skulane til å utvikla gode tilbod og til å bli attraktiv. 

  Illustrasjon: Partibarometer frå Sentio Research
Til toppen