Lærdal: Lakselus lever berre i sjøvatn, og det har difor vore klart lenge at dei ikkje kan leva i ferskvatn i lang tid. Om fisk med lus sym opp i ferskvatn dett lusene av etter ei stund og døyr.
No har forskarar undersøkt kor lenge dei unge lusene kan opphalda seg i ferskvatn og kor godt dei greier seg.
– Resultatet viser tydeleg at lus toler ferskvatn dårlegast i perioden like etter ho har festa seg på fisken, seier Frode Oppedal, forskar på Havforskingsinstituttet.
Han meiner til dømes ferskvatnbasseng i toppen av merdane kan ha dødeleg effekt på lusene.
Òg i naturen brukar laks ferskvatn som avlusing, og det er observert sjøaure som sym opp i elvar om han har mange lus på seg. (©NPK)