SONG: Judith Vestreim og Krudlalaget opptrådte i Leikangerhallen.
SONG: Judith Vestreim og Krudlalaget opptrådte i Leikangerhallen. (Foto: Håvard Nesbø )

Festførestilling i Leikangerhallen, arrangør: – Ville visa at me tar del i noko meir enn det me hadde

Omlag 700 innbyggjarar i nye Sogndal strøymde til for å få med seg festførestillinga i Leikanger.

Leikanger: I høve samanslåinga mellom Sogndal, Leikanger og Balestrand, inviterte nye Sogndal til festførestilling i Leikangerhallen laurdag kveld. 

–  Det er klart at når tre kommunar opphøyrer, synst mange det er leit. Det produsentane prøvde å visa med denne kulturførestillinga er at me no får ta del i noko meir enn det me hadde frå før. At me får fleire kunstnarar og kulturutøvarar som blir ein del av den nye kommunen. Det var kanskje hovudtanken med heile førestillinga, seier Jon Tvilde, tenesteleiar for kultur i Sogndal kommune, til Porten.no. 

Hallen, som rommar kring 700 personar, vart heilt fullsett.

– Me er veldig nøgde med det. Det var ein gratiskonsert, så me var veldig spente. Me slapp heldigvis å visa vekk folk, seier Tvilde. 

Hyra inn produsentar

I månadsskiftet oktober/november vart produsentane Stig og Håvard Ese Eliassen henta inn for å setja saman festførestillinga.

Dei har god lokalkunnskap og laga eit variert program med lokale kulturutøvarar frå heile den nye kommunen. På førestillinga var det innslag med musikk, revy, dans, lyrikk og videoinnslag. 

– Dei har hatt ein veldig klar tanke bak kva dette skulle bli. Dei har innanfor nokre små økonomiske rammer sett saman dette varierte programmet. Dei har jobba under høgt trykk fram mot konserten i går, seier Tvilde.

Laurdag møttest artistane og hadde korte sceneprøvar før dei gjennomførte festførestillinga.

Kulturell breidde

Det var mange innslag under førestillinga. 

Desse opptrådte: Bufaste Tonar, Dans Utan Grenser, Olav Stedje, Lena Skjerdal trio og kråkebollane, Gunn Marit Kvåle, Distriktsmusikarane i Sogn, Second Hand Saints, Hard To Live og Krudlalaget.

Det var også innspel frå lyrikar Ivar Bruheim, musikar Jarle Kvåle, kunstnar Janne Nes, kunstnar Vilde Jensen Hjetland og Marianne Hoff frå Balestrand kunstlag, alle som video på stort lerettm filma av Håvard Nesbø og produsert av Stig Ese Eliassen.

– Det var programinnslag frå gamle Sogndal, eit breitt og variert program, seier Tvilde.

Han seier at deg òg var ein flott og teknisk produksjon. 

– Dei ulike aktørane, frå Dans uten grenser til unge band og folkemusikarar fekk presentert sitt på scena med topp teknisk produksjon og lyd, seier Tvilde. 

God respons

– Eg trur publikum var veldig nøgde. Av dei eg har snakka med, fekk eg høyra at "eg likte alt". Det var veldig mange varierte kulturuttrykk men dei vart godt tekne imot, seier Tvilde. 

På sosiale mediar kan ein lesa frå ein tilskodar som særs likte videoen om lyrikar Ivar Bruheim frå Kaupanger.

– Det var nokon som skreiv «Eg kjenner Ivar Bruheim, men eg visste ikkje at han forfatta slik lyrikk». 

Ein annan video som vart vist handla om Windir. Bandet frå Sogndal som bana veg for sognametallen slik han er i dag.

Markeringa av samanslåinga er ikkje over. På onsdag er det konsert i Sogndal kulturhus, og laurdag står Balestrand for tur. Der er det tettstadvandring og minikonsert.

Dans utan grenser opptrådte også for ein fullset sal. (Foto: Mariann Skau)
(Foto: Knut Henning Grepstad)
(Foto: Knut Henning Grepstad)
Lena Skjerdal trio og kråkebollane. (Foto: Håvard Nesbø )
Til toppen