Årdal: – Årdølene kjøper alltid i døra, så det er uvant at det har vore eit såpass bra førehandssal, seier ein nøgd festivalsjef Thomas Norheim Moen.
Fredag og laurdag er det klart for Målrock i Årdal. Store namn som Åge Aleksandersen, Gåte, Kjartan Lauritzen og Eva Weel Skram blir å finna på scena i Meieriparken på Årdalstangen.

At artistane har falle i smak er tydeleg på billettsalet. Av 900 festivalpass er nemleg over 700 selde.
– Det er litt betre enn normalt på denne tida. Eg ser føre meg at det blir utseld i løpet av fredagen, seier Norheim.
- Les òg: Målrock lanserte festivalpils
- Les òg: Kjartan Lauritzen til Målrock: – Ingen artistar i Norge lagar meir liv
Festivalsjefen: – Ser lovande ut
I tillegg til festivalpassa har leiinga budsjettert med å selja 1200 dagspass. Norheim har ikkje dei nøyaktige tala i hovudet, men reknar med rundt 40 prosent av dagspassa er vekke, litt fleire av dei til laurdag enn fredag.
– Det er ikkje så halvgale. Historisk sel me stort sett dagspass i døra, seier Norheim.
Kor mange det går av dei resterande kan fort bli avgjort av vêrgudane. Både fredag og laurdag ser prognosane greie ut, det blir overskya, men minimalt med regn.
– Alt ser lovande ut så langt, seier Norheim.
Satsar på solid overskot
I 2016 gjekk festivalen 645.000 kroner i minus, medan underskotet i fjor vart kutta ned til 65.000. Takka vera ein noko meir nøktern festival i år, er målet i år å gå tett på 300.000 i pluss.
– Med overskot vil vi ha høve til å utvikla festivalen vidare, seier Norheim.
Onsdag var arbeidet med å rigga klar scena og diverse infrastruktur i parken allereie i gang. Alt skal vera klart til Aunt Mary står på scena fredag kveld.
– Alt ligg i rute, forsikrar ein optimistisk, men spent festivalsjef.