FESTIVAL: Her frå Jordeplerock 2018. No håpar festivalstyret at også Jordeplerock 2020 kan gjennomførast.
FESTIVAL: Her frå Jordeplerock 2018. No håpar festivalstyret at også Jordeplerock 2020 kan gjennomførast. (Foto: Jordeplerock/Arkiv)

Festivalstyret planlegg at Jordeplerock 2020 skal kunne gjennomførast

Det kjem fram i ein pressemelding frå Jordeplerock.

Lærdal: 26.-27. juni skal den populære festivalen etter planen gå av stabelen. Med artistar som Odd Nordstoga og DDE på plakaten ligg det an til å bli ei heidundrande helg i Lærdal.  

I pressemeldinga står det at foreninga Jordeplerock føl utviklinga i samfunnet nøye og vurderer fortløpande moglegheitene for å gjennomføra festivalen.

Slik stoda er i dag føreligg det ikkje lokale eller nasjonale vedtak som hindrar gjennomføringa på det tidspunktet Jordeplerock skal arrangerast. Dette kan sjølvsagt endre seg, men inntil vidare planlegg foreininga for at festivalen skal gjennomførast.

Ventar med billettsalet 

På grunn av stadige endringar og den raske utviklinga i samfunnet har dei valt å avventa billettsalet til festivalen.

– Dette gjer me både av omsyn til foreininga og våre trufaste Jordeplerockarar. Me vil gjere ei ny vurdering av når billettsalet bør starte den 13. april. Me understrekar samstundes at utsetjinga i billettsalet ikkje betyr at Jordeplerock 2020 er avlyst, men erkjenner samstundes at føresetnadane for å kunne arrangere festivalen er i stadig endring og for tida utanfor vår kontroll.

Vurderer smittevernstiltak 

– Me ynskjer sjølvsagt at Jordeplerock 2020 skal arrangerast som vanleg. Det er også det vi planlegg for. Samstundes har vi fleire tankar i hovudet, og vurderer heile tida ulike scenario, seier Helge Evensen Bjørkum, i pressemeldinga. Han er informasjonsansvarleg i Jordeplerock.

Han legg vekt på at dei ikkje ynskjer å bidra til auka smittespreiing, og difor vurderer dei samarbeid med lokale styresmakter og relevante ressursar. 

– Vidare vurderer vi kva smittevernstiltak som er hensiktsmessige og praktisk gjennomførbare. Vi ynskjer å arrangera ein trygg festival, seier Evensen Bjørkum. 

Til toppen