DØMT: Ein mann i 30-åra er dømt for promillekøyring og tjuveri etter at han i august køyrte ein stolen bil i rusa tilstand.
DØMT: Ein mann i 30-åra er dømt for promillekøyring og tjuveri etter at han i august køyrte ein stolen bil i rusa tilstand. (Foto: Sunniva Knutsen)

Festivaltur enda i slåstkamp, sjukehusinnlegging og utforkøyring i stolen bil

Ein mann i 30-åra frå Sogn og Fjordane er dømt i Sogn og Fjordane tingrett for tjuveri og promillekøyring.

Sogn og Fjordane: Mannen i 30-åra hamna i slåstkamp etter Målrock festivalen og vart sendt til Lærdal sjukehus for behandling. Han reiste frå sjukehuset i ein stolen bil og enda i grøfta. No er han tiltalt for promillekøyring og tjuveri. 

Det var Sogn Avis som først omtalte saka. 

Vart slege med metallfelg

Mannen fortalte i eit politiavhøyr at han hamna i slåstkamp med to ukjente personar etter Målrock festivalen. Han vart slått med ein metallfelg i hovudet og sendt Lærdal sjukehus i ambulanse. 

På sjukehuset noterte tilsette at det lukta alkohol av mannen. Han vart stripsa, og bandasjert for eit kutt i leppa og eit kutt på underarm. Tilsette ved sjukehuset oppmoda så mannen om å bli på sjukehuset til dagen etter, men det ønskte han ikkje sjølv.

I avhøyret fortalte mannen at han hadde drukke brennevin og heimelaga vin, men han ville i retten ikkje innrømma kva mengd alkohol han hadde drukke. 

Klokka 05:30 same natt stal han ein bil i Lærdal og enda opp i grøfta. Mannen kunne ikkje gjera rede for hendingane frå han forlot sjukehuset, men seier at han hugsar at han køyrte ein bil ned i ei grøft. 

Mannen fekk ikkje bilen opp av grøfta, og fortel for tingretten at han oppsøkte ein kjenning som lånte han klede og gav han skyss heim.

Kjenningen skulle vaske buksa til tiltalte då han oppdaga ein bilnøkkel i lomma, og forstod kva som hadde skjedd. Vedkomande melde frå til politiet. 

Bil stolen frå bustad

Eigaren vart oppringt av politiet sundag morgon, og fekk beskjed om at bilen var funnen krasja.

Vedkomande fortel for tingretten at bilen hadde stått parkert utanfor bustaden hans, og at han om morgonen såg at ein stolpe bar preg av å ha blitt påkøyrt, og at postkassen hans hadde falle ned. 

Vidare opplyste vedkomande at det låg to nye par sko i bilen. Desse var øydelagde då personen kom fram til bilen, då dei hadde blitt lagt under hjula i eit forsøk om å få bilen opp av grøfta att. 

Sogn og Fjordane Tingrett har dømt mannen til 30 dagars fengsel på vilkår, ei bot på 22.500 kroner og sperrefrist på førarkortet i 18 månader, samt til saman 18.000 kroner i erstatning til eigaren av bilen og forsikringsselskap. 

Til toppen