POSITIV: Områdedirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI)  etter pressemøte om status for koronavaksine og vaksinasjon.
POSITIV: Områdedirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) etter pressemøte om status for koronavaksine og vaksinasjon. (Stian Lysberg Solum/ NTB / NPK)

FHI trur vi kan byrje å reise mot slutten av mai

FHIs smitteverndirektør Geir Bukholm trur grensene kan opnast i slutten av mai når alle over 45 år etter planen har fått første dose med koronavaksine.

– Etter kvart vil ein opne grensene og få normalt turisttrafikk. Og alt som har med sosiale møte å gjere. Det kan skje i slutten av mai, utan at eg kan vere heilt sikker på det, seier Bukholm til VG.

Førebels er det største hinderet mangel på vaksinar.

– I mai og juni får vi dei store forsyningane. Det er nesten ei eksponentiell opptrapping. Frå å ha vaksinert ein relativt liten del, har vi plutseleg vaksinert nesten alle i løpet av to månader, seier han.

Utanlandsreiser har vore rådd mot sidan Noreg stengde ned i mars i fjor.

Til toppen