Fiberfeilen er retta

Fleire kundar med breibandstelefoni var utan dekning onsdag føremiddag på grunn av ein fiberfeil på Voss.

Ein fiberfeil på Voss gjorde at fleire abonnentar var utan fasttelefon onsdag morgon. Dette gjaldt dei som har breibandstelefoni.

Det var venta at feilen skulle rettast i 12.00-tida, men før 11.00 var dekninga på plass att.

Det var to feil som skjedde samstundes som førte til brotet. I tillegg til fiberbrotet på Voss, var det også eit brot på ein internettruter. 

DEKNINGSDIREKTØR: Bjørn Amundsen i Telenor.
DEKNINGSDIREKTØR: Bjørn Amundsen i Telenor.

Dette gjorde at fleire i Årdal, Lærdal, Sogndal, Aurland og Balestrand var utan dekning onsdag morgon.

– Denne feilen berører berre vanleg internett, og breidbandstelefoni er tale over internett, så enkelt sagt er internettkundane berørt, sa dekningsdirektør Bjørn Amundsen til Porten.no. 

Med andre ord berørte ikkje dette dei som nyttar mobil eller har vanleg fasttelefon.

Odd Øren i Årdalsnett seier deira kundar ikkje var berørte fordi dei har ei reserveline som går via Tyin.

Til toppen