– Fifty fifty om me får til Mork kraftverk

– Fifty fifty om me får til Mork kraftverk

Sjølv om NVE stiller seg positive til planendringane for Mork kraftverk, er det fleire hinder på vegen til realisering.

Lærdal: – Me registrerer innstillinga - den er i tråd med det me rekna som realistisk forventing, så får me sjå kva departementet meiner, seier Odd Øygarden, direktør i E-CO Energi.

Konsesjon til å byggja Mork kraftverk i Erdal vart gitt i 2012, men grunna låge straumprisar og ein usikker marknad ser ikkje utbyggjar E-CO Energi det som lønsamt å byggja eit så stort kraftverk som førsk omsøkt.

Difor har E-CO no søkt om ei planendring, det vil seia at dei vil byggja ut eit mindre kraftverk. Middelproduksjonen for dette kraftverket vil vera 42,2 GWh/år, det vil seia godt og vel ei halvering.

Les også: Kraftsalve mot Statnett på kraftdagen

Les også: Reknar med låge straumprisar i mange år

Utfordringar med kapasitet på nettet

NVE stiller seg altså positive til dei nye planane. Eit problem er likevel at det regionale straumnettet er fullt, og at trafostasjonen Statnett har på Borgund ikkje klarar å senda meir straum ut på det store nettet. Desse utfordringane set NVE som ein føresetnad at blir løyste før Mork kraftverk kan byggjast 

– Det er usikkerheit rundt dette punktet - dette må me leva med. Så får me sjå kva dialogen med Lærdal Energi og Statnett kan føra til, seier Øygarden.

Konkurranse frå solceller og vindmøller 

Ei anna utfordring er konkurranse frå andre energikjelder

– Me lever i tider som er litt utfordrande når det gjeld å vurdera marknaden. Det skjer mykje med utvikling av solceller og utbygging av vindmøller. Men me håpar å finna tiltak så me får redusert kostnadane ved utbygginga tilstrekkjeleg for å få det realisert. Dette er ikkje rett fram, eg vurderer det som fifty-fifty om me får til utbygging eller ikkje.

Øygarden fortel vidare at Olje- og energidepartementet er venta å koma med si endelege innstilling til konsesjon i løpet av 2017.

Til toppen