Sogndal: Ein elg og kalven hennar sørga tysdag for trafikkaos i Årøysvingane mellom Hafslo og Sogndal. Tor Erik Ones hadde heldigvis kameraet oppe.

– Det var kø i svingen og bom stopp. Eg hadde nettopp stått i kø ved Loftesnesbrui og skulle ta opp telefonen og klage min nød på snapchat. Så kom elgen springande, fortel Ones.
Han er ein ivrig hjortejeger, men har aldri sett elg i Sogn. Bortsett frå spora han såg etter ein som hadde streifa forbi i Fardal i Sogndal for åtte-ti år sidan.
Det er med andre ord eit heilt sjeldan syn han tilfeldigvis rakk å fanga på film.
– Eg vart jo litt sjokkert, vedgår Ones.
Han trur det òg denne gongen berre er snakk om streifdyr, og ikkje ein liten familie som har tenkt å slå rot.