Fin 17.mai feiring i Årdal

Det var opphaldsvêr og glimt av sol, då nasjonaldagen skulle feirast i Årdal. 

Årdal: Dagen starta med salutt og flaggheising både på Årdalstangen og i Øvre Årdal. Deretter hadde prest Olav Nese gudsteneste både i Årdal Kyrkje og i Farnes Kyrkje. Ein fin start på nasjonaldagen. 

I Øvre Årdal byrja programmet ved gamleskulen på torget omkring klokka 12.00, medan på Årdalstangen starta programmet med blomepålegging og tale ved Selina Barsnes og Anna A Jevnaker. Begge plassane var det mange som hadde møtt fram for å feire dagen. 

Ved gamleskulen blei det holdt talar og nokre born las opp flotte dikt om 17.mai. Årdal Musikk- og kulturskule spela så sine innslag.  Deretter stilte 4. og 5.klasse ved Farnes skule seg opp i trappa til gamleskulen og framførte mange fine songar. Det var Øvre Årdal Janitsjarkorps og Farnes skulemusikk som stod for musikken. 

Det var folketog både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Mange blei med for å gå den tradisjonelle ruta. Folk veiva med flagga sine og gjekk i takt med korpsmusikken. 

Etter folketoget var det klargjort kiosksal inne i Årdalshallen og Tangenhallen og leikar for born på Jotun stadion og på Cuba. Begge plassane var stappfull med pynta menn, kvinner og born, som kosa seg. 

Program i Årdalshallen

Programmet i Årdalshallen byrja med at Farnes Mannskor holdt konsert. Dei hadde i år øvd inn 3 songar frå bandet Vamp, noko som bygdefolket var veldig begeistra for.  Deretter var det musikkinnslag frå Øvre Årdal Janitsjarkorps, Farnes skulemusikk og Årdal Musikk-og kulturskule. 

Svein Arne Skuggen Hoff var årets talar. Han drog blant anna fram at alle mennesker er verdt like mykje. 

- Ein strøken 1000-lapp er verdt 1000 kroner. Viss eg krøllar denne 1000 lappen saman og brettar den ut igjen, så er den framleis verdt 1000 kroner. Dette kan ein tenke seg i menneskeverd også. Menneske er verdt like mykje, sa Skuggen Hoff under talen hans. 

Program i Tangenhallen

Russetalarane i år var raudrussen Endre Kauppi Straumsheim og svartrussen Halvor Neset. Russane starta med talen på Årdalstangen, deretter tok dei turen til Øvre Årdal.  Russane drog fram at det var viktig å behalde Årdal vidaregåande skule og at me måtte rive muren mellom øvringane og tangingane, fordi me er alle årdøler.

Konferansierane i Tangenhallen var Anna A Jevnaker og Nastasya Kolesona, og dei kunne presentere Hilde Horpen som dagens talar. I tillegg spela Årdalstangen musikklag med aspirantar.  Skulekoret og kulturskuleelevane hadde flott innslag. 

Etter programmet var det duka for fotballkamp mellom 7.klasse og lærarane, på Cuba.  

Det vart ein regnfri 17 mai i Årdal i år, sola glimta til og med fram til tider. Det ga ei fin ramme, på ein elles så kjekk og tradisjonell feiring. 

 

Til toppen