Fin dag ute for store og små 

Søndag var det Kom deg ut-dagen. Dagen blei blant anna markert på Kvamme i Lærdal. 

Lærdal: Søndag blei Kom deg ut-dagen markert på Kvamme med aktivitet for store og små.

Dagen byrja med det andre cuprennet i år. Utanom skirennet var det skileik og aking i bakken.

Det var Borgund bygdekvinnelag og Audhumla 4H som inviterte til denne dagen. Dei serverte nybaka bollar, kakao og kaffi, i tillegg var det moglegheit for å grille pølser.

Det var eit flott vintervêr med over fem plussgrader og opphaldsvêr. Dei yngste kosa seg med aking, og snøen var så kram at barna kunne lage snøballar og ha snøballkrig.

Både stor og små kosa seg denne dagen. 

Til toppen