INNSAMLING: Ei lokal innsamling må ikkje føre til at kommunar som alt gjennom Sogn Regionråd har gått inn for kommunal tilskot vil redusere sine bidrag, skriv Harald Trulssen. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
meiningar
INNSAMLING: Ei lokal innsamling må ikkje føre til at kommunar som alt gjennom Sogn Regionråd har gått inn for kommunal tilskot vil redusere sine bidrag, skriv Harald Trulssen. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
meiningar

Finansiering av MR-maskin for Lærdal sjukehus

Som pasient er det viktig at sjukehuset har både utstyr og kompetanse som kan dra  nytte av dette. Lærdal sjukehus har både røntgen og CT, men manglar MR-maskin. 

  • Endret

MEINING: Etter kvart som vår levealder aukar vil dei  aller fleste i sitt livslaup få trong for sjukehustenester for blant anna diagnosera sjukdomar og skader. Som pasient er det viktig at sjukehuset har både utstyr og kompetanse som kan dra  nytte av dette. Lærdal sjukehus har både røntgen og CT, men manglar MR-maskin.

Forbrukarutvalet i Helse Førde har oppmoda politikarane i Sogn om å opprette eit spleiselag der kommunane og Helse Førde delar kostnaden for innkjøp av MR-maskin. Helse Førde skal ta halve kostnaden og ta over drifta av maskinen. Lærdal kommune har alt løyvd 3,0 mill.

Restkostnaden 4,0 mill kroner skal etter tal i Porten.no 3,2 mill delt mellom Årdal, Sogndal, Luster, Aurland og kr. 800.000  mellom Leikanger, Vik. Høyanger og Balestrand.

Kostnadfordelinga var oppsett før den rådgjevande kommunerøystinga blei utført 23.05.2016 der resultatet vart eit stort nei-flertal mot samanslutning. Sogndal med svært låg deltaking  med ja.

Korleis spleiselaget no vert for tilskot for MR-maskin er meir usikkert. Ikkje alle kommunar har slutta positisvt opp om Distriktmedisinsenter ved Lærdal sjukehus.Som vertskommune for både  Lærdal sjukehus og  distriktmedisinsenteret har Lærdal eit ansvar for å legge tilrette for at begge delar av sjukehuset kan utføre dei beste tenester for heile befolkninga i Sogn. Dette har Lærdal både tidlegare ved tilskot og kjøp av utstyr og nå ved løyving av av 3 mill. kroner til kjøp av MR-maskin.

Det er ein statleg oppgave å drive offentlege helseføretak som sjukehus. Når statlege midlar sviktar er det ikkje uvanleg at distriktane og einskiltpersonar tar del i kostnaden for gjennomføring av 

viktige tiltak. Vi som bur her i Indre Sogn, Aurland, Lærdal og Årdal har ein stor fordel med å ha eit sjukehus med godt omdøme i vårt nærområde utan strabasiøse lange reiser til andre sjukehus.

Også for heile Sogn er både ventetid og reise kortare enn til Førde ved MR plassert i Lærdal.

Ved den usikre kommunereforma der fleirtalet går mot samaslutning kan ein ikkje vera sikre på at stortingsflertallet vil nytte tvang mot dei som seier nei. Ein storkommune med senter i Sogndal vil neppe føre til satsing på Lærdal sjukehus. Etter mi oppfatning må ein snarast få til eit spleiselag der både kommane, næringslivet og einskiltpersonar yter bidrag til fullfinansiering slik at MR-maskin kan komme i drift snarast mogeleg for alle innbyggarane i Sogn.

Eg har sjølv og min familie på grunn av lang ventetid måtte nytte privat MR i Bergen der ein sjølv måtte dekke heile kostnaden. Ei innsamling av bidrag frå privatpersonar der kvar hustand bidrag med kr. 1.000,- vil utgjera ein liten del av kostnaden for undersøking ved både offentlege og private føretak når ein tar med alle utgifter.

Lærdal sjukehus er kjend langt ut over både kommune- og fylkesgrensane med eit godt omdøme med høg fagleg kompetanse, god pleie og godt miljø, betre enn mange store sjukehus. Dette er også mine eigne erfaringer. For god rekrutering av personale er det truleg og eit ynskje frå dei som arbeider her skal ha tilgang på utstyr som normalt finnes på andre sjukehus.

I Hallingdal har næringslivet gjeve penger for kjøp av MR-maskin til Ål sjukestove utan kommunal tilskot. Det er rimeleg at også næringslivet i Lærdal, eventuelt også i andre kommunar, deltek med tilskot til MR. Både Årdal og Lærdal  er kjend for deltaking i innsamliger til ymse føremål. I 1980-åra når Lærdal sjukehus mangla midlar for innkjøp av CT-maskin gav Lærdal Energi kr. 100.000,-.

Husmorlaget i Årdal truleg langt større beløp. Med den store satsinga Lærdal Energi har gjennom

A-kraft bør beløpet no vera betydeleg større når ein og tar omsyn til inflasjon.

Dei fleste av oss er faste gjevare til humanitære og ideelle organisasjonar i både inn- og utland  med samla årleg bidrag på fleire tusen kroner. Det ville no vera naturleg at ein også kan støtte føretak lokalt som har stor samfunnsmessig betydning for alle her i Sogn.

Det er kjent at både kommunen og næringslivet i Lærdal har planar om innsamling av private midlar i tillegg til alt vedtatt 3 mill. kroner frå kommunen. Dette bør samordnes med innsamling også frå privatpersonar i bygda. Det er ønskjeleg at eit utval kan ta seg av arbeidet med opplysning om føremålet, bankkontonummer for innbetaling og at dette vil skje under kontrollerte tilhøve. For dei som ikkje har tilgang til nettbank og må betale i lokal bank, bør dette vera gebyrfritt. 

Ei lokal innsamling må ikkje føre til at kommunar som alt gjennom Sogn Regionråd har gått inn for kommunal tilskot vil redusere sine bidrag.

Harald Trulssen

Til toppen