FORRINGAR: Finmassar ligg på botnen i fleire områder i nedre del av Lærdalselvi, som ein ser av det innfelte biletet. Massane tettar att holrom fisken treng å gyta og veksa opp i. Fotokollasj frå notatet til Uni Research / rapporten «Ungfiskundersøkelser 2015 etter skadeflom i 2014» 
FORRINGAR: Finmassar ligg på botnen i fleire områder i nedre del av Lærdalselvi, som ein ser av det innfelte biletet. Massane tettar att holrom fisken treng å gyta og veksa opp i. Fotokollasj frå notatet til Uni Research / rapporten «Ungfiskundersøkelser 2015 etter skadeflom i 2014» 

Finmassane forringar oppvekstvilkåra for fisken i Lærdalselvi

Eit ferskt notat konkluderer med at det i visse parti av Lærdalselvi ligg store mengde finmassar att etter flaumen i 2014. Det gjer at mindre fisk lever opp i elvi enn kva som er potensialet.

Lærdal: – Det går verst utover sjøauren fordi dei brukar områda nærare land, både til å gyta og å veksa opp, seier klekkeriarbeidar Torkjell Grimelid.

Som Porten.no tidlegare har omtala kom det i haustflaumen 2014 store mengder finmassar med sideelva Kuvelda som la seg på botnen av Lærdalselvi.

Les også: Massar frå storflaumen trugar elvebotnen i Lærdalselvi

I mars vart det halde synfaring i samband med at det var søkt om utgraving av massar på elvestrekninga frå Kuvelda og eit stykke nedover – i Vollaelvi. Uni research – laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske laga eit notat etter synfaringa, der følgjande blir konkludert om denne strekninga:

«Det ligg store mengder finstoff og sand her. (..) Finstoffet i denne elvekanten kan tette holrom i elvebotn og med det redusere skjulmoglegheitene for ungfisk lenger nedstraums».

Vidare heiter det i notatet at: 

«Det vart observert om lag 60 vinterstøinger av laks i området ved Kuvelda, men lite gyteområder og spor etter gyteaktivitet på strekninga Kuvelda-Bruhølen som vert påverka av planlagt masseuttak.

I nedre del av undersøkt strekning (Botten), nedstrøms det nedste planlagde masseuttaket vart det observert eit større samanhengande gyteområde og ein del gytegroper.»

– Nesten ein ørken med vatn over

For å kartlegga kor mykje ungfisk det er i dei aktuelle områda, blir det gjennomført såkalla elekrisk fiske. Slik kjem ein opp med eit tal på kor mykje ungfisk det er per 100 kvadratmeter.

Artikkelen held fram under biletet

KARTLEGGING: Elektrisk fiske blir nytta for å kartleggja kor mykje ungfisk det er per 100 kvadratmeter. Her blir denne metoden nytta i samband med gyrotesting, men den same metoden blir nytta for å kartleggja ungfisk. På biletet: Tor Atle Mo, seksjonsleiar i Veterinærinstituttet (t.v.) og klekkeriarbeidar Torkjell Grimelid. Arkivfoto 
KARTLEGGING: Elektrisk fiske blir nytta for å kartleggja kor mykje ungfisk det er per 100 kvadratmeter. Her blir denne metoden nytta i samband med gyrotesting, men den same metoden blir nytta for å kartleggja ungfisk. På biletet: Tor Atle Mo, seksjonsleiar i Veterinærinstituttet (t.v.) og klekkeriarbeidar Torkjell Grimelid. Arkivfoto 

Klekkeriarbeidar Grimelid forklarar tilhøvet mellom finmassar og gyte– eller ungfiskaktivitet slik:

– I dei stille hølane har massa sedimentert; det er nesten ein ørken med vatn over. Og her er det ingen aktivitet å finna. I partia der det er litt fart i vatnet finn me ein god del aktivitet.

Vatnet er stillare nærare land og det er i områder med rimeleg stille vatn at massar tettar holromma fisken nyttar til gyting og som oppvekstområder. Sjøauren nyttar desse områda i større grad enn laksen og har såleis vorte meir påverka av massane enn laksen

– Dei beste gyteplassane i nedre elv er framleis i bruk. Verken laks eller sjøaure gyt på stader det er heilt stilt. Men sjøauren nyttar i større grad meir stille parti, så det har gått mest utover oppvekststadene deira.

– Enkelt sagt veks det altså ikkje opp like mykje fisk i denne delen av elvi som det kunne ha gjort, og særskild for sjøauren sitt vedkomande?

– Det er openbart – fordi det ikkje er områder for like mykje ungfisk som det var før flaumen.

Artikkelen held fram under biletet

TILTAK: Det pågår no graving i Vollaelvi for å ta ut grovmassane her før auka vassføring så flaumkapasiteten blir betra.
TILTAK: Det pågår no graving i Vollaelvi for å ta ut grovmassane her før auka vassføring så flaumkapasiteten blir betra.

– Ein god vårflaum ville retta på mykje

Ein rapport utarbeidd av ferskvassbiolig Leif Magnus Sættem i 2015 «Ungfiskundersøkelser 2015 etter skadeflom i 2014» konkluderte også med at sjøauren hadde fått lida: 

«Forholdet mellom årsklassene hos ørret synes å være i ubalanse. I tillegg til at bestanden av voksen ørret (sjøørret) har vært lav i senere år, kan foreliggende resultater tyde på at flommen har påvirket ørret mer negativt sammenlignet med påvirkningen på laks (..)

Mengden årsyngel ørret i 2009 med sine 104/100 m2 var betydelig høyere sammenlignet med oktober 2015.»

Sættem streka likevel under at tilhøva då hadde betra seg ettersom periodar med stor vassføring hadde skylt vekk ein del finmasse:

«En del områder viste fysiske forbedringer fra april til oktober etter økt vannføring i løpet av sommeren. Det er likevel nødvendig med fortsatt utvasking av finsubstrat for å gjenskape gode biotoper.»

Men frå Sættem gjorde sine undersøkingar i 2015 fram til i dag har ein ikkje hatt stor nok vassføring til at det verkeleg har monna:  

– Ein stor vårflaum ville retta på mykje. Det har me ikkje hatt etter episoden med Kuvelda i 2014, seier Grimelid.

Til toppen