AURLAND: Namnet spelar på gards- og bruksnummeret til det vesle hotellet i Sogn. Gjestar kan få skreddarsydde turar, særprega rom, flugefiske, fjord og fjell. Foto: Helge Hansen / Hanen.

Finn bygdeperlene med mobilen

I sommar blir det lettare å finne fram til lokalmat, besøksgardar og sjarmerande overnattingsstader. Den nye Hanen-appen viser veg til dei minneverdige avstikkarane.

Indre Sogn: – Mange har påstått at det er så vanskeleg å finne fram til desse bygdeperlene, at dei ligg bortgøymde langt inne i ein fjord, i ein skog eller oppe på eit fjell. Med den nye appen vår har vi gjort det enklare for folk å finne fram til medlemsbedriftene våre, seier Bernt Bucher-Johannessen. Han er dagleg leiar i Hanen, næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg.

Den rykande ferske Hanen-appen inneheld både reiseplanleggjar og vegskildringar i tillegg til lagra søk og favorittar. Appen er allereie lansert i App Store, og om ei vekes tid blir han også tilgjengeleg for Android-telefonar. Seinare vil han også kome i engelsk og tysk versjon.

VEGVISAR: Med den nye appen vår har vi gjort det enklare for folk å finne fram til bedriftene våre, seier dagleg leiar i Hanen Bernt Bucher-Johannessen.
VEGVISAR: Med den nye appen vår har vi gjort det enklare for folk å finne fram til bedriftene våre, seier dagleg leiar i Hanen Bernt Bucher-Johannessen.

Skjulte skattar langs vegen

Hanen har i dag 470 medlemsbedrifter frå Stadt i vest til Finnskogen i aust, frå Lindesnes i sør til Svalbard i nord. Verksemdene driv med enten mat og drikke, overnatting, eller aktivitetar for både vaksne og barn. Med den nye appen blir informasjon og kartvising av alle verksemdene tilgjengeleg ved eit tastetrykk.

Sjekk kva bygdeperler som finst i Indre Sogn her.

Før fellesferien startar, vil det også dukke opp ein reiserute-funksjon i appen.

– Når du skal køyre frå Bergen til Førde kan du plotte inn ruta, så får du varsel om hyggelege stader i nærområdet, forklarer Bernt Bucher-Johannessen.

Reiseruta vil du også kunne laste ned slik at ho også er tilgjengeleg utan nettdekning. Det kan vere ein fordel, har Hanen-leiaren sjølv erfart.

– Eg testa appen på tur til Vestlandet no i helga. Den fungerte bra, så lenge eg ikkje køyrde i tunnelar, smiler han.

Kvalitetsopplevingar

Målet med appen er at det skal bli lettare å finne fram til stadene som gir noregsferien det vesle ekstra.

– Vi ønskjer å utvide opplevingshorisonten til folk, forklarer Bucher-Johannessen.

Artikkelen held fram under biletet.

GJENDEBÅTANE: Gjendebåtane fraktar i hovudsak fotturistar men også mange som berre tek båtturen for ei fin oppleving på innsjøen.
GJENDEBÅTANE: Gjendebåtane fraktar i hovudsak fotturistar men også mange som berre tek båtturen for ei fin oppleving på innsjøen.

I sommar håpar han at turistkontora vil tipse turistar om appen i staden for å sende med dei eit lass brosjyrar. Hanen samarbeider i tillegg med både Hurtigruten og Visit Norway for å gjere verksemdene sine meir synlege.

Sjølv om verksemdene som dukkar opp i Hanen-appen er svært mangfaldige og driv med alt frå fisketurisme til gardsbakeri, har dei alle forplikta seg til å følgje verdigrunnlaget til organisasjonen.

– Dermed er du som besøkande sikra god kvalitet, men om han som møter eller serverer deg er blid eller ikkje, kan vi ikkje garantere, humrar Bernt Bucher-Johannessen

Til toppen