Lærdal/Aurland/Årdal: Tiltak for å kartleggja og førebyggja spreiing av skrantesjuke på hjortevilt blir no sett i verk. Sjukdommen er påvist på tre villreinar i Nordfjella, så skulle ein koma over daud eller sjuk villrein ber Statens Naturoppsyn ved Kristoffer Ullern Hansen om at ein tek kontakt på telefon 97 09 77 20.
Les også: Denne bukken har symptom som er typisk for skrantesjuke
Men også daud eller sjuk hjort skal meldast inn, her er respektive kommune instans for innmelding. I Lærdal, Årdal og Aurland tek vilforvaltar Knut Fredrik Øi i mot slike meldingar på telefon 93 05 96 37.
Dette er viktig fordi grunnen til at hjortevilt har ramla utfor ein skrent, vorte påkøyrt eller drukna i elva kan vera svekkja almenntilstand.
Les også: Skrantesjuka: – Ekstremt viktig at folk melder inn fallvilt
Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer
Les også: Eit nærast umogleg val
Artikkelen held fram under biletet

Skal GPS-merka bukkar for første gong
Mattilsynet innførde 1. juli forbod mot å plassera ut fôr og saltstein til hjortevilt, også å nytta kunstig bukkeurin eller flytta levande hjortevilt over fylkes- eller landegrenser. Desse reglane gjeld framleis.
Eit anna innleiande ledd i kampen mot skrantesjuka er å følgja flokkane i Nordfjella ved å setja GPS-sendar på 15 reinsdyr.
– Målet er å få betre oversyn over kvar flokkane går. Det vil også bli merka bukk, noko som aldri er gjort i Nordfjella før. Dei nyttar andre områder vinter og vår enn fostringsflokkane, så me får eit nytt kart over korleis dei brukar område og trekkjer, seier leiar i villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen, Lars Nesse.
Å kunne følgja flokkane sine rørsler med sikte på å setja i verk tiltak for å redusera faren for spreiing av skrantesjuka (CWD) er ein viktig del av grunngjevinga for merkinga.
Det vil bli nytta helikopter under merkearbeidet. Merkinga vert utført av NINA (Norsk institutt for naturforsking) i samarbeid med veterinær. Når eit dyr er bedøvd, må helikopteret landa for at GPS-sendar skal kunna setjast på. Det kan og vera aktuelt med bakkemannskap på snøskuter, går det fram av eit skriv til grunneigarane i Nordfjella.
Artikkelen held fram under biletet

Tek fleire typar prøver
– Me må ha eit snøkast først; no på den harde skaren spring reinen så lett unna og det tek nokre minuttar frå pila med bedøvinga treff til stoffet verkar. Med nysnø får me også betre sporingstilhøve. Av dei femten blir det også merka nokre i sone 2 - kanskje også nokre i Raudafjellområdet, mellom Myrdal og Undredal, seier Nesse.
Med metodane som er brukte i dag for testing av skrantesjuke, det vil seia å ta ut ein bit frå hjernen til dyra, har ein ikkje moglegheit til å testa levande dyr. Men det blir forska på alternative testmetodar, mellom anna testing av avføring.
Nesse fortel dei vil ta med fleire typar prøvemateriale når dei bedøver og GPS-merkjer reinane:
– Det blir teke blodprøve, avføringsprøve og endetarmsprøve for å sjå kva ein eventuelt finn der. Og me kjem til å følgja flokkane ei stund etter merking for å sjå om det ligg att individ, eller nokre sakkar akterut - det kan tyda på sjuke individ.