Turistbuss skilting
Turistbuss skilting (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Finn fire feil: – Betre skilting er på veg

Ved fleire høve i sommar har turistbussar måtta finne seg ein annan plass å stå når dei har besøkt Øvre Årdal. På plassen som er laga til for turistbussar, står det stort sett personbilar parkert.

Årdal: Porten.no har fått fleire tips denne sommaren frå folk som har sett turistbussar i parkeringstrøbbel i Øvre Årdal. Nedanfor Årdal kulturhus er det laga ei busslomme for turistbussane, men her står ofte personbilar parkert.

Resultatet har vore at bussen har måtta køyre vidare eller parkere på stader han ikkje er eigna til å stå. Årdal er ein kommune som har ei uttalt satsing på reiselivet.

– I dag er det kanskje for dårleg merka, men det vil koma større skilt slik at det ikkje skal vera nokon tvil, seier Bjørn Indrebø ved tekniske tenester i kommunen.

Kjem på plass snart

Indrebø leiar skiltprosjektet som Porten.no tidlegare har omtalt. Betre skilting er ein del av «Stopp på torget»-prosjektet, der målet er å få turistar nettopp til å stoppe på torget. 

Målet var å starte i juni, men arbeidet er noko forsinka. Indrebø fortel at nye skilt er på veg.

– Når eg er tilbake frå ferie, vil me sjå an ressursane og så starte jobben med å få skilta opp. Då startar me på torget og skiltar mot bassenget og den nye parkeringsplassen som kjem opp i tillegg til bussparkering, seier han.

Møte med Vegvesenet

Skiltinga rettar seg rett inn mot turisten. Ei gruppe beståande av mellom andre folk frå handelsstanden har bidrege med forslag til korleis ein skal skilte for at turisten lettast skal finne fram.

I første omgang startar dei med å skilte på torget og jobbar seg deretter utover. 

– Me tar det som gjeld kommunale vegar no i første omgang. Etter kvart må me i møte med Vegvesenet og spela inn idear til dei. Her er det ikkje me som bestemmer. Handelsstanden meiner me treng meir, seier han. 

Til toppen