Lærdal: – Me har ringt halve Lærdal, men står framleis utan leiarkandidat, seier Helene Maristuen i valnemndi.
Førre veke heldt Lærdal idrettslag årsmøte og valnemndi beståande av Lise Cirotzki og Geir Aarethun, altså i tillegg til Maristuen, jobba hardt for å finna ny leiarkandidat i fotballgruppa ettersom Jan Tore Stølen vil gi seg.
– Må berre få det til
Det lukkast ikkje, så no blir det ekstraordinært årsmøte i fotballgruppa 19. april.
– Det er ganske dramatisk, for fotballgruppa er stor i Lærdal. Og me står rett framfor sesongen. Lærdalsturneringa er eit stort og viktig arrangement i løpet av året, så me må berre få det til. Så finst det ein der ute med glødande interesse for fotball som har litt tid og er litt strukturert, så ønskjer me svært gjerne tips, seier Maristuen.