Lærdal: – Det ligg rundt over alt. Truleg har dei teke ut emner lengre oppe og gjort grovarbeidet her. For så å ta med seg det finaste materialet vidare, seier Kjetil Loftskarden.
Han er prosjektleiar for prosjektet arkeologane frå Universitetsmuseet i Bergen har kalla «Nordfjella CWD». Det går kort fortalt ut på å kartleggja kva fornminne som finst i områda der det no blir gjort diverse inngrep i samband med saneringa av reinsbestanden i Nordfjella sone 1.
Les også: Nedslakting av villreinstammen vil koste 100 millionar
Les også: Dette må jegerane gjera når dei skyt rein i Nordfjella
Sikrar seg utval av kunnskapen som ligg i området
Arkeologane leitar og grev rundt i eit slak bakkehall aust for demningen på Øljusjøen. Her skal det nemleg setjast opp leidegjerdingar når dei siste reinane i Nordfjella skal avlivast etter at jakta – først den ordinære, så den statlege – er gjennomført i haust og vinter. Leidegjerdingane skal føra reinane ned i eit kve som blir sett opp i dalsøkket i underkant av demingen på Øljusjøen.
Difor må fornminna kartleggjast i områda der desse installasjonane skal plasserast.
– Minna går ikkje tapt, eigentleg. Men når dei skal setja ut gjerde må dei køyra ut stolpar og netting. Og då må dei bruka ATV. Og som du ser ligg dette heilt oppi dagen. Så særskild viss det er litt vått og slikt så dei spinn kan det bli påverka. Så me gjer dette for å sikra oss eit representativt utval av kunnskapen som ligg her, forklarar Loftskarden
– Det er ikkje slik at viss de finn noko unikt her, så kan de stoppa heile greia?
– Nei, det kjem ikkje til å skje.
Forfedrane våre har hatt «verkstad» her
Og funna dei har gjort etter halvannan dag i felt er betydelege. I heile området ligg det såkalla lærdalskvartsitt. Dette var ettertrakta stein blant forfedrane våre, og i overkant av bakkehallet, i Kjøleskarvet, ligg ein større førekomst av kvartsitten. Fleire førekomstar finst ikkje så langt unna.
Artikkelen held fram under biletet

– Denne steinen har heilt klart vore ein type stein ein ønskja å jobba med. Den har ein del eigenskapar som er veldig like på flint. Flint finst ikkje i fast fjell i Noreg, og dette er tilsvarande råstoff til reiskapsproduksjon, seier feltleiar Tina Jensen Granados.
– Me har ikkje funne reiskap, berre spor av avslag. Det er det som datt av me finn. Flisen, legg Loftskarden til.
– Rundt førekomstane har me det me kallar verkstadlokalitetane. Og det me sit på no ser ut til å vera ein slik. I periodar kan det nok ha vore ganske stor aktivitet her, forklarar Jensen Granados.
Arkeologane meiner såleis at steinaldermenneska har teke ut kvartsitt frå førekomstane, frakta dei ned til desse verkstadlokalitetane som no blir undersøkt og gjort eit grovarbeid her for å få med seg dei finaste emna til reiskapsproduksjon vidare.
Reiskap av lærdalskvartsitt er nemleg funne rundt om på fleire stader i landet, langt unna Lærdal. Det arkeologane finn ved Øljusjøen er først og fremst restane som har vorte liggjande att.
– Me ser at dei har vore veldig spesifikke på kva kvalitet dei ønskjer å ta med seg. Her ser du heilt tydeleg at dei har slått ut eit emne med ein større stein, seier Jensen Granados og peikar på ein stein som er bogeforma innover i eine enden.
Artikkelen held fram under biletet

Les også: Den spesielle jakta
Les også: Fleire meldingar om at rein kryssar vegen mellom tamreinområdet og Nordfjella
Kan ha vorte laga reiskap her i tusenvis av år
Arkeologane trur det har vorte teke ut og bearbeida kvartsitt her i mange tusen år, kanskje heilt frå rundt 8 500 f.kr. fram til rundt år 0.
– Dette er kulturhistorie som strekkjer seg over store deler av vår forhistorie. Me veit at lærdalskvartsitten vart teken ut i eldre steinalder, gjennom yngre steinalder og bronsealderen og inn i jernalderen. Så det er eit veldig viktig kulturminne i Noreg, rett og slett, seier Jensen Granados
I tillegg til dei arkeologiske undersøkjingane i området der leidegjerdingane og oppsamlingskveet skal stå under siste ledd i saneringa, skal arkeologane også undersøkja terrenget rundt sperregjerdingen som no blir sett opp frå Eldrevassbergi ned mot Holesvingane på Hemsedalsfjellet.
– Dette er ein sak litt utom det vanlege. No skal me registrera og gjera litt småundersøkjingar samstundes - me tek med oss det me finn på eit område på ein ganger ein meter, til dømes. Me må bli ferdige her før jakta startar. Så startar me på gjerdingen etterpå, forklarar Loftskarden.
Paradokset: Skal avliva reinen som var grunnen til at folk kom hit
I bakkehallet har ein godt utsyn mot dalføret i underkant av Øljusjøen og litt av terrenget lenger vest. Truleg har ikkje plasseringa av denne «verkstaden» vore tilfeldig, seier Jensen Granados.
– Det er jo jaktfolk gjennom ein god del av forhistoria som har vore her oppe. Så ein meiner at dette er førekomstar av stein som har ligge tett på jaktområda. Ein har brukt denne steinen til å i all hovudsak tilverka reiskapar for jakt; blant anna pilspissar til jakt med pil og boge. Og også til tilverking av utstyr for å bearbeida skinn og kjøt. Dette veit me ikkje heilt, men det er det me antek.
– Det er eit paradoks at det me driv med no og skal ta ut, er det som var grunnen til at folk byrja å koma hit, reflekterer CWD-koordinator Lars Nesse.