STENGT: Finnsåstunnelen er stengt som følge av eit mindre ras.
STENGT: Finnsåstunnelen er stengt som følge av eit mindre ras. (Foto: Skjermdump/Google Maps )

Mindre steinras stengde veg i Årdal

Onsdag kveld gjekk det eit mindre steinras utanfor Finnsåstunnelen retning Fodnes.

Årdal: Det meldte vegtrafikksentralen på Twitter.

Det har rasa utanfor tunnelen på sida mot Fodnes, og det kan vera fare for fleire ras. 

– Fyrst fekk me melding om steinar i vegbana, før det kom ny melding om meir småstein som rasa nedover, opplyser Ketil Molvær på vegtrafikksentralen til Porten.no. 

Vegen er dermed stengt mellom Finnsåstunnelen og Bermåltunnelen.

Rett etter klokka 19:00 var vegen rydda og open att for trafikk.

Til toppen