Årdal: Tunnelen er no (laurdag) open att, og nye opningstider for gjennomfart er gjeldande. Dei finn ein på Statens vegvesen sine sider, eller her:

Finnsåstunnelen like ved Årdalstangen, på strekninga mellom Fodnes og Årdal, vart atter ein gong stengt. Den siste kolonna slepper gjennom tunnelen klokka 17.00 fredags kvelden, opplyser Ole Kristian Åset i Statens vegvesen.
Attpåtil er det litt usikkert i kva grad vegen mellom Årdal og Tyin vil halda open i kveld og i natt.
Årsaka til at vegen forbi Finnsåstunnelen vert stengt for ferdsle, er fare for at det skal gå eit nytt ras.
Åset frå vegvesenet opplyser at det losna ein stein i fjellsida over Finnsåstunnelen i dag, og at dette førte til eit mindre ras. Raset vart i hovudsak stogga av steinvollen som vegvesenet har bygd på oppsida av vegen.
– Grunna mildvêret som gir auka rasfare, blir vegen stengt i kveld og i natt. Geolog skal sjekke området frå kl. 08.00 i morgon, og etter planen går første kolonne i morgon tidleg klokka 08.55, informerer Åset vidare.
Det er planlagt at fjellsikrarane skal opp i sida og jobbe i morgon, så det vil bli passasje forbi staden til vanlege tider fram til kl. 17.00 i morgon.
– Det er ikkje bestemt noko om vegen vil bli stengt i morgon natt, den vurderinga blir teken i morgon og informert ut gjennom vegtrafikksentralen og vegvesen.no\trafikk, informerer pressekontakten vidare.