Sogn: – Det blir liggjande her denne veka også, i alle fall til starten av helga. Då sig det austover, fortel meteorolog Cecilie Villanger på Storm om høgtrykket som ligg planta over det meste av landet.
Då kan det bli meir skya og kanskje også noko regn måndag om ei lita veke på Vestlandet. Men så kjem sola truleg tilbake ifølgje Villanger.
– Me er omslutta av små og store høgtrykk, og det ser ut til at eit nytt overtek stafettpinnen i neste veke, svarer hun.
Lange og klåre netter gjer at du må rekna med glatte vegar om morgonen.
– Det er berre dei som bur heilt ytst på kysten som slepp unna.