IKKJE PÅVIST: Fire år etter at elva var behandla med aluminiumsulfat, er lakseparasitten Gyrodactylus salaris framleis ikkje påvist. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
IKKJE PÅVIST: Fire år etter at elva var behandla med aluminiumsulfat, er lakseparasitten Gyrodactylus salaris framleis ikkje påvist. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Fire år utan lakseparasitten i Lærdal​

No gjenstår det eitt år før Lærdalselvi kan friskmeldast. 

Lærdal: Fire år etter at elva var behandla med aluminiumsulfat, er lakseparasitten Gyrodactylus salaris framleis ikkje påvist. 

Det betyr at håpet om friskmelding rykkjer stadig nærare. Tysdag publiserte Norsk institutt for vannforsking (NIVA) resultata frå den siste prøven i 2016, og dei var negative – altså positivt nytt for Lærdalselvi.

Porten.no var med då dei samla inn 244 lakseungar i august. I oktober samla dei inn 214 frå 20 faste stasjonar i elva, og parasitten er ikkje blitt påvist.

– Dette betyr at Lærdalselvi no har vore fri for Gyrodactylus salaris i fire påfølgjande år i friskmeldingsprogrammet. Viss me ikkje påviser parasitten til neste år, vil me anbefale Mattilsynet å friskmelde elva, seier Sigurd Hytterød, forsker ved Veterinærinstituttet.

– Verdssensasjon

Det er Veterinærinstituttet som gjennomfører programmet på vegne av Mattilsynet. Før elva kan friskmeldast må det gå fem år.

I to omgangar vart elva behandla med rotenon, i 1997 og 2005. Begge gongene utan hell. I 2011 og 2012 vart elva behandla med surt aluminium. Det ser ut til å fungere, og vert elva friskmeld neste år, er det ein verdssensasjon.

– Viss ho blir friskmeld, slik me trur, er ikkje dette gjort nokon annan stad i denne verda. Dette er ein norskutvikla metode basert på ein idé som ein forskar ved Universitetet i Oslo hadde, og som nokon av oss drog vidare, sa seksjonsleiar i Veterinærinstituttet Tor Atle Mo til Porten.no i august.

Det som er så bra med denne typen behandling er at den tek livet av parasitten, men ikkje fisken. 

– Det kan gi forvaltninga moglegheita til å velja mellom to kjemiske behandlingsmetodar, seier Anders Gjørwad Hagen, forskningsleder i NIVA.

Til toppen