NEDGANG: Talet på arbeidsledige i fylket held fram med å gå ned. I Indre Sogn er det nedgang for fire av seks kommunar. Foto: NAV Sogn og Fjordane.
NEDGANG: Talet på arbeidsledige i fylket held fram med å gå ned. I Indre Sogn er det nedgang for fire av seks kommunar. Foto: NAV Sogn og Fjordane. (Foto: NAV Sogn og Fjordane)

Fire av seks kommunar med nedgang i arbeidsløysa i Indre Sogn

– Arbeidsløysa held fram med å gå ned og det er bra tilgang på ledige stillingar, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Årdal: Ved utgangen av april var det 1 007 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 197 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 16 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,7 prosent har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet.

– Også nabofylka våre, som har vore hardt råka av oljekrisa, har no ei positiv utvikling i arbeidsløysa, fortel Thorsnes i ei pressemelding.

19 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i april. I Indre Sogn har Sogndal og Lærdal størst reduksjon med høvesvis tolv og ni færre arbeidsledige. 

Årdal og Leikanger med auke

Alle kommunane med unnateke av Leikanger og Årdal har reduksjon i Indre Sogn. I dei to kommunane er det ein auke på åtte og seks. For Leikanger tilsvarar det ein auke på 114 prosent.

Elles er det Aurland og Lærdal som har den lågaste arbeidsløysa i Indre Sogn med 0,9 prosent. Lågast i fylket har Solund med 0,5 prosent.

Det er områda industri og bygg og anlegg som står for ein stor del av nedgangen i arbeidsløysa. Her er det høvesvis 63 og 37 færre ledige enn i april i fjor. Også innan reiseliv/transport og butikk- og salsarbeid er det ein bra nedgang. I dei næringane som har ein auke, er auken svært liten.

Mange ledige stillingar

Dessutan er det reduksjon i tal langtidsledige i fylket.

– I tillegg til ein betre arbeidsmarknad, er mykje av årsaka at mange langtidsledige får tilbod om arbeidsmarknadstiltak, seier Thorsnes. 

Elles har stillingstilgangen auka. Auken er størst innan yrkesgruppene meklarar og konsulentar og barne- og ungdomsarbeid. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg, undervisning, reiseliv og transport.

– Stillingstilgangen er bra innan dei fleste bransjar, så det finst mange moglegheiter for dei som er arbeidsledig, seier Thorsnes.

Heilt ledige fordelt på kommunar i Indre Sogn

Kommune Tal % av arbeidsstyrken Endring
Leikanger 15 1,2% 8
Sogndal 50 1,2% -12
Aurland 9 0,9% -6
Lærdal 10 0,9% -9
Årdal 43 1,6% 6
Luster 40 1,5% -6

 

Til toppen