STRYK: 37 prosent av lærarstudentane som tok nasjonal deleksamen i matematikk, fekk strykkarakter.​ Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun.
STRYK: 37 prosent av lærarstudentane som tok nasjonal deleksamen i matematikk, fekk strykkarakter.​ Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun.

Fire av ti lærarstudentar strauk på matteeksamen

37 prosent av lærarstudentane som tok nasjonal deleksamen i matematikk, fekk strykkarakter.

Sogndal: 11. mai i år var 997 studentar på grunnskulelærarutdanninga oppe til eksamen i undervisingskunnskap i brøk, desimaltal og prosentrekning. Den nasjonale karakterfordelinga viser at heile 37 prosent strauk på eksamen, mens berre 0,6 prosent fekk toppkarakter, skriv Khrono.

I fjor var det 10,4 prosent som strauk på denne eksamenen.

– Eg meiner det nedslåande resultatet er eit argument for det nye kravet om at lærarstudentar frå og med no må ha minst karakteren 4 i matte frå vidaregåande for å bli tatt opp ved lærarutdanninga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til VG.

Kunnskapsministeren meiner strykprosenten er altfor høg og seier dei må undersøkje nærare kva som ligg bak desse resultata. NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) skal inn og sjå på tala. Ein rapport er venta litt seinare i sommar.

Leiaren i NOKUT, Terje Mørland, seier det er dei aktuelle universitet og høgskular som har ansvaret for kvaliteten i utdanninga.

– Dei må no brette opp ermene og gjere noko med dette. Vi kjem til å gå grundig inn og analysere resultata for å sjå om vi kan peike på moglege årsaker for på den måten å kunne hjelpe utdanningsinstitusjonane, seier Mørland til VG. (©NPK)

Til toppen