TRAFIKKUHELL: Fire personbilar er involvert i eit trafikkuhell i Naddvik på fylkesveg 53 i Årdal. Foto: Mapbox.
TRAFIKKUHELL: Fire personbilar er involvert i eit trafikkuhell i Naddvik på fylkesveg 53 i Årdal. Foto: Mapbox.

Fire bilar involvert i trafikkuhell

Fire personbilar involvert i trafikkuhell på fylkesveg 53 i Naddvik.

Årdal: Det melder politiet i Sogn og Fjordane torsdag ettermiddag. Politiet fekk melding om kollisjonen 15.15.

Trafikkuhellet har skjedd på fylkesveg 53 i Naddvik, mellom Årdalstangen og Fodnes. Ei køyrebane er stengt på staden.

Fire personbilar er involvert i uhellet, men det er ikkje påvist personskade enno, men eit barn vert teken med til Lærdal for legesjekk, melder politiet. Naudetatane er på veg.

– Tre bilar kom køyrande i retning Årdal. Bil nummer to kom over i motsett køyrebane og kolliderte med møtande bil, melder politiet.

Har du tips eller bilete?? Tips oss på 480 13 131, send SMS til same nummer eller send oss tipset på e-post tips@porten.no.

Til toppen