SKRIVEKLØE: Jan Olav Fretland har hatt eit travelt halvår og gitt ut heile fire bøker dei siste seks månadane.
SKRIVEKLØE: Jan Olav Fretland har hatt eit travelt halvår og gitt ut heile fire bøker dei siste seks månadane.

Fire bøker på seks månader

Språkmannen Jan Olav Fretland har det siste halvåret gitt ut fire bøker som omhandlar språk i ei eller anna form.

- Det er mange som trur dei veit noko om nynorsk, men det er få som faktisk veit kva dei snakkar om, Jan Olav Fretland førsteamanuensis Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Det har vore ein hektisk periode for lærdølen Jan Olav Fretland. Dei siste seks månadene har han gitt ut heile fire bøker. Den nye boka «Nye røyster i nynorskforskinga» inneheld fleire spennande artiklar som er knytt til nynorsk.

- Eg har lese fleire lesarinnlegg i aviser og andre publikasjonar der folk påstår at bokmålselevar vert hemma fordi dei må lære nynorsk. Den forskinga som no vert lagt fram syner det motsette. Nettopp at det er ein fordel å kunna fleire språkvariantar, konstaterer Fretland.

- Regjeringa prioriterer ikkje nynorsk

Forskinga peikar på at elevar som lærer både bokmål og nynorsk vert flinkare til å skilje mellom ulike former og flinkare til å lære.

Som tidlegare leiar i Språkrådet, gledar dette Fretland stort.

- Det er spennande. Samstundes som ein gjer vitskapleg arbeid, slår ein eit slag for nynorsken. Noverande regjering er ikkje spesielt oppglødd av nynorsk. Vi ser at dei ikkje prioriterer nynorsk på nettsidene sine, seier Fretland.

Mellom anna nyttar ikkje regjeringa nynorsk på stader som nasjonale senter for lesing og skriving.

- Det er kjempeviktig at desse sidene finst på nynorsk. Tilbodet er svært magert. Ein må slå i bordet at det er nyttig å forholda seg til begge målformene. Med ei slik forsking vert det lettare å argumentera for, seier Fretland.

To målformer styrkar elevane i fylket

Elevar i Sogn og Fjorane gjer det langt over gjennomsnittet betre i skulen enn andre fylker i Norge. Fretland meiner nynorsk er ei av årsakane til akkurat det.

- Elevane må tidleg lære å skilje mellom dei to språkformene. Nynorsk lærer dei på skulen og bokmål lærer dei alle andre stader. Tryggleik i to målformer gjer at dei vert betre til å takle andre språk, seier han. 

Det har rast ein debatt i norsk media det siste året om asylsøkjarar skal læra nynorsk eller bokmål. Eit av argumenta for å lære bokmål, sjølv om dei fyrst vert plassert i ein nynorskkommune, er at dei mest truleg vert flytta austover.

- For asylsøkjarar er det aller viktigaste at dei snakkar den målforma som borna lærer på skulen. Går dei i ein nynorskskule, er det heilt tullete om foreldra må lære bokmål, seier Fretland.

Noreg er eit veldig liberalt land når det kjem til dialektar. Fretland trur asyl- og språkdebatten er eit større problem for dei som generelt er imot nynorsk, enn for innvandrarane.

- Eg har møtt fleire innvandrarar som syns nynorsk er spennande. Norsk er uansett eit generelt vanskeleg språk å lære, seier Fretland.

BØKER: Det har vore ein travel haust for Jan Olav Fretland. Tilsaman har han gitt ut fire nye språkbøker.

Bøker om skrivereglar sel godt

I haust gav Fretland og forfattaren Aud Søyland ut to bøker om norske skrivereglar - ei på bokmål og den andre på nynorsk.

- Dei ser ut til å slå godt an og salstala er bra. Det kjem ofte omtalar om at dette har vi bruk for, forklarar Fretland.

I skrivereglane er det ikkje forskjell på dei to målformene. Bøkene har blitt gitt ut før, men etter at dei vart seld ut, valde Fretland å lage ein oppdatert versjon.

- I den nye utgåva er det eit kapittel om korleis ein skriver på nett. Eg får ein del spørsmål om akkurat dette. Seinast i dag fekk eg spørsmål om kor langt eit e-brev kunne vere. Det kan ofte vere krunglete å lesa på nett, så hovudregelen er at ein skal halde det så kort som mogleg, seier Fretland.

Eit alterntiv er å skrive ein kort e-post og deretter leggje ved eit lenger dokument skrive i Word.

«I forhold til», «fokus», «agenda» og «arena»

Desse orda og utrykka hatar Fretland og meiner tilsette i det offentlege misbrukar dei stadig vekk.

Fretland har nyleg komme med ei ny utgåve av læreboka «På Saklista», som skal lære folk korleis ein skriv god nynorsk på kontoret.

Den fyrste boka vart utseld på eit år, noko som stadfestar behovet for denne type lærebok.

- Boka handlar om korleis folk som jobbar i det offentlege oppfører seg på nett. Eg har laga ein mal på korleis ein kan skrive godt, byråkratisk nynorsk. Mange oversett utruleg innvikla bokmål direkte til nynorsk. Det blir heilt feil, forklarar Fretland.

To utgåver har allereie blitt utseld. Det er spesielt nokre ord og utrykk Fretland ikkje likar å høyre frå politikarane.

- Eg er litt stygg med folk som misbrukar utrykket «I forhold til» og eg hatar ord som «fokus», «agenda» og «arena». Det fører berre til skoddeprat, seier Fretland.

Pressemannen Per Egil Hegge har teke opp måten politikarar brukar utrykket «i forhold til» - opp att og opp att vert det brukt utan at ein eigentleg har bruk for det. Dei har ein uvane for å seia «i forhold til media» når det dei eigentleg meiner er i eller til media.

- Politikarar må oppretta ein arena for utveksling av synspunkt. Det dei eigentleg meiner er at dei berre skal snakka med kvarandre, seier Fretland.

Stammespråket

Ord som agenda kan bety alt frå sakliste, program og dagsorden. Fretland beskriv året som eit stammespråk i det offentlege.

- Det offentlege skal nå fram til folka dei skal tene, men i staden brukar dei eit språk i skoddeheimen. Dette førrer til at dei fjernar seg frå dei som dei skal tene. Politikarane lagar ein skjerm som dei gøymer seg bak. Det verkar som det kompliserte språket har blitt ein type stil dei brukar. Då er det viktig at folk som meg slår hardt det på det, seier Fretland.

Han ser med stor glede på at offentlege etatar no har sett i gang prosjekt for å bli betre til å kommunisere. NAV og kommunesektoren si interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) har begge kvar sitt  store språkprosjekt på gang.

- Det har vi verkleg bruk for. Byråkratar er glad i å bli gjort merksame på at dei skriv ein del rør, avsluttar Fretland.

Til toppen