Fire debutantar, to stolpeskot, ei tvilsam straffe og null poeng

Sogndal reiste seg etter marerittstarten borte mot Odd, men marginar og eit tvilsamt straffespark hindra dei i å få med seg poeng. Sjå høgdepunkta her.

Odd-Sogndal: 2-1

Dei to debutantane Reiss Greenidge og Ole Martin Rindarøy til trass, Sogndal greidde ikkje hindre Odd i å gå rett i leiinga frå start. Per-Magnus Steiring satsa alt i den første duellen og var heilt utspelt då ballen datt i beina på Martin Broberg. Svensken kunne berre styre ballen til 1-0 etter to minutt.

Kampfakta:

Resultat: Odd-Sogndal: 2-1

Stadion: Skagerak Arena
Dommar: Tore Hansen (Feda IL)

Mål, Odd: Broberg (2), Samuelsen (26)
Mål, Sogndal: Schulze (79)

Lagoppstilling, Sogndal:

1. Mathias Dyngeland (k)
2. Taijo Teniste
15. Per-Magnus Steiring
16. Reiss Greenidge
31. Ulrik Fredriksen (Brendsrød 30.)
4. Chidiebere Nwakali
10. Gilbert Koomson (Soltvedt 79.)
14. Ole Martin Rindarøy (Grodås 45.)
27. Eirik Birkelund
7. Eirik Schulze
11. Martin Ramsland

Halvanna minutt seinare fekk Chidi Nwakali avgarde eit greit skot frå distanse, men ballen suste over. Etter dette roa kampen seg. Neste forsøk pstod Eirik Birkelund for etter tjue minutt, men skotet lei same skjebne som Nwakali sitt kvarteret før.

Sogndal var byrja å spele seg varme då dei fekk ein ny kalddusj. Den 17 år gamle Odd-debutanten John Kitolano gjekk ned etter ein kollisjon i feltet og dommaren peikte på 11-meteren. Absolutt mogleg å diskutere kor rett det var, men Jone Samuelsen var uansett sikker og dobla leiinga til 2-0.

Eirik Bakke reagerte kontant, bytta stoppar Ulrik Fredriksen med spiss Markus Brændsrød, dagens tredje sogndaldebutant.

Om det var utslagsgivande er usikkert, men Sogndal følgte opp med ein voldsom kanonade i det påfølgande angrepet. Teniste kasta, Greenidge knuste alle i lufta, Schulze sette stussen i stolpen, Koomson halvvegs brassa returen, innbytar Brændsrød skaut knallhardt i blokka, alt innanfor sju sekund og tolv meter.

To minutt før pause var det Odd sin tur til å treffe treverket då Jone Samuelsen fekk lade uforstyrra frå 25 meter. Skotet var det saft i, men denne gangen spelte marginane på lag med ein utmanøvrert Dyngeland i sogndalburet.

I andreomgang lot Odd lagmaskineriet gå på sluregir. Sogndal dominerte spelet, utan å skape meir enn halvsjansar. Den første store var det Odd som stod for, då Sigurd Haugen måka ballen over på ope mål etter 76 minutt.

Like etter kom reduseringa. Greenidge køyrte reprise frå første, stussa eit Teniste-kast vidare til Schulze, som denne gangen sette ballen i mål. Like etter var Steiring nær ved å utlikne, men headinga gjekk i tverren.

I mellomtida hadde ein fjerde debutant, Joachim Soltvedt, blitt kasta inn i jakta på poeng. Men fleire sjansar vart det ikkje, i staden var det Odd som holdt på å auke til 3-0 på overtid, berre stoppa av ein solid Greenidge som fekk blokka i siste liten.

Sju minutt på overtid måtte Eirik Bakke, som forøvrig var sendt på tribunen for språkbruk, innsjå at poenga glapp, trass iherdig borteinnsats.

Til toppen