VIL RIVA: Får Einarsen Eigedom det som dei vil, vert det bygd butikkar og bustader i området her langs Stedjevegen. Kommunestyret i Sogndal gjorde vedtak i fjor om at drivstoffstasjonen ikkje kan rivast før det er regulert og opparbeidd ny tomt. Fire drivstoffleverandørar har meldt interesse.
VIL RIVA: Får Einarsen Eigedom det som dei vil, vert det bygd butikkar og bustader i området her langs Stedjevegen. Kommunestyret i Sogndal gjorde vedtak i fjor om at drivstoffstasjonen ikkje kan rivast før det er regulert og opparbeidd ny tomt. Fire drivstoffleverandørar har meldt interesse. (Foto: Øyvind Nondal)

Fire drivstoffleverandørar vil inn i Sogndal

Frode Einarsen: – Ikkje aktuelt å plassera ny stasjon på Sjøkanten. 

Sogndal: I september 2017 vedtok kommunestyret i Sogndal nye områdeplanar for Stedjevegen, der mellom anna Shell, Berge og Co, og Rema 1000 held til.

I desse planane skal Einarsen Eigedom byggja butikkar og bustadar med fasaden mot sjøen. Arbeidet er planlagt å byrja i slutten av 2018 når leigetakarane avsluttar kontraktane sine.

Då kommunestyret gjorde vedtak vart det stilt krav om at det skal vera regulert og opparbeidd tomt for bensinstasjon annan stad i Sogndal, før det vert gjeve rivingsløyve for den eksisterande stasjonen. 

Frode Einarsen i Einarsen Eigedom seier til Porten.no at dei arbeidar godt med ei erstatningstomt for ny drivstoffstasjon, og at dei har funne 3-4 alternativ og at to av grunneigarane er positive.

Kvar tomtene ligg og kven grunneigarane er vil ikkje Einarsen seia noko om, men han seier at dei arbeidar saman med kommunen og vurderer kva som blir det mest realistiske og beste alternativet.

Einarsen håpar at det skal vera på plass i løpet av våren.

Han nemner også at det er fire drivstoffleverandørar som har teke kontakt og vil inn i Sogndal. Kven desse er vil han heller ikkje seie noko om på noverande tidspunkt.

Ingen drivstoffstasjon på Sjøkaten

Frode Einarsen seier òg at det ikkje er aktuelt med ny drivstoffstasjon på Sjøkanten, då det verken er regulert tomt eller er plass der.

Planen er i staden å utvide med fleire butikkar og seinare bustadar med fasaden mot sjøen. Byggestart for dette er planlagt i slutten av 2018 når leigetakarane avsluttar kontraktane sine.

St1 Norge som driftar Shell-stasjonen i Sogndal har klaga vedtaket til kommunestyret inn for Fylkesmannen. Det er venta at klagen skal vere handsama innan mars månad.

Annette Smith som er eigedomssjef i St1 Norge seier til Porten.no at dei ikkje er einig i vedtaket som er fatta av kommunestyret i Sogndal, og at dei har klaga vedtaket inn for Fylkesmannen og ventar på sakshandsaming der.

St1 Norge ønskjer ikkje kommentera saka ytterlegare på noverande tidspunkt.

I klageskriv til kommunen skreiv St1 Norge at drivstoffstasjonen er særs avhengig av god trafikkavvikling på stasjonsområdet.

Dei meinte òg det ikkje var kommersielt grunnlag for forsvarleg drift av fleire slike drivstoffstasjonar innanfor planområdet, og at det ikkje bør leggast til rette for etablering av fleire drivstoffstasjonar.  

Til toppen