KONTROLL: Statens vegvesen har hatt kontroll for tungbil på Håbakken.
KONTROLL: Statens vegvesen har hatt kontroll for tungbil på Håbakken. (Foto: Tomas Rolland / Statens vegvesen)

Fire førarar fekk gebyr og èitt bruksforbod

Onsdag hadde Statens vegvesen kontroll for tungbil på Håbakken i Lærdal.

Håbakken: Statens vegvesen har hatt 29 tungbilar over kontrollplassen på Håbakken, der ni av desse blei kontrollerte. Sju sjåførar merknadar på køyretøya sine.

Èin vogntogførar fekk advarsel grunna brot på køyre og kviletid, medan ein annan fekk bruksforbod inntil lasta var forskriftsmessig sikra. I tillegg fekk èin vogntogførar gebyr for manglande vognkort, og éin fekk gebyr for mangle vognkort for både bil og hengar.

Tre vogntogførarar fekk merknad på grunn av dekka sine. Éin av desse fekk gebyr for dekk under lovleg minimum, medan dei to andre fekk pålegg om å skifta dekk, så dei var akkurat på minimum.

Til toppen