FIRE TILBOD: Fire busselskap ønskjer å drive persontransport med buss i rute og har levert tilbod i Sogn. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FIRE TILBOD: Fire busselskap ønskjer å drive persontransport med buss i rute og har levert tilbod i Sogn. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Illustrasjonsfoto: Arkiv)

Fire konkurrerer om Sogn

Fire busselskap ønskjer å drive persontransport med buss i rute i Sogn. 

Sogn: Dei fire selskapa er Firda Billag, Boreal Transport, Tide og Nettbuss. Med det har alle prekvalifiserte tilbydarar levert tilbod. 

I slutten av mars skal det gjennomførast forhandlingar med leverandørar som har levert godkjende tilbod. 

Først i mai skjer valet av leverandør, og det er forventa at denne startar opp 19. juni 2017. Kontrakten gjeld då fram til 22. juni 2025, der fylkeskommunen kan forlenge kontrakten med inntil to år etter det.

Til toppen