Årdal: Dansarar frå alle klassetrinna i grunnskulen i Årdal var representerte på torsdagens danseshow i Årdal i regi av Årdal danseverkstad. Årdal danseverkstad høyrer innunder «Dans utan grenser», tiltaket som vann fjorårets fylkeskulturpris. Fire veninner i niande og tiande klasse hadde koreografert alle dansestykka i den meir enn ein times lange førestillinga.

Thea Øren hadde øvd med dei aller minste:
– Dei elskar å dansa. Det er veldig kjekt å øva med dei. Dei har alltid so positiv energi. Og når dei er so glade som dei er, so er det lett å jobba med dei.
Ho seier dei likar å tulle iblant, og kan bobla slik over av energi at det ikkje alltid var lett å halda kustus på dei. Men det gjekk greitt like vel, fordi dei var so positive og hadde so lyst til å øva inn stykka.
– Dei elevane som går høgare opp i klassetrinna tek til seg koreografien lettare, seier Karoline Molland.
Ho fortel at dei laut tilpassa koreografien litt til alderstrinna.

– Om trinna vart alt for vanskelege so gav dei minste opp. Men om dei kjende at dei klara å halda tritt med stega, so syntest dei det var veldig spanande, seier Sofie Øren.
– Har borna gledd seg til framsyninga i kveld?
– Ja, dei har gledd seg veldig, veldig mykje seier jentene i kor.
– Når me var ferdige og dansa i dag, so hadde dei ikkje lyst til å gje seg. Dei hadde lyst til å gå opp igjen på scena på nytt, for dei hadde so lyst til å dansa meir, fortel Sofie Øren.
Ser fram mot å øva inn nytt nummer til våren
Jentene fortel at dei fekk dansehjelp av proffe dansarar i forfjor gjennom «Dans utan grenser». Og medan dei instruerte alle elevane denne hausten, er det ti andre ungdomsskuleelevar frå klassetrinna like under dei som no får den danseutdaninga dei fekk i forfjor. Neste haust er det desse elevane som skal vera koreografar og instruktørar for heile danseverkstaden.

Men først kjem seinvinter og vår, og då skal veninnene til att med å bu ein ny skuleproduksjon:
– Kvar vår er det slik at danseførestillinga me øver inn har eit tema, medan førestillinga i hausthalvåret er «fri» i stilen.
Jentene kan røpa at planen for den komande førestillinga er å få til eit historisk show. Dansestykka kjem kanskje til å ta føre seg 1950-talet, 1960-talet og fylgja tiår etter tiår frametter. Reisa i tid når kanskje eit godt stykke ut på 2000-talet...