FRIE INNTEKTER: I 2016 har skatteveksten auka med 3,8 milliardar sidan revidert nasjonalbudsjett. Dette skuldast høgare inntekter hjå nordmenn, som igjen betyr meir pengar til kommunane. I tillegg får kommunane over 4 milliardar ekstra i frie inntekter i statsbudsjettet for 2017. Foto: Stortinget.

Fire milliardar ekstra til Kommune-Noreg

Det klirrar i kommunekasser rundt omkring i landet. 

Sogn: I 2016 har skatteveksten auka med 3,8 milliardar sidan revidert nasjonalbudsjett. Dette skuldast høgare inntekter hjå nordmenn, som igjen betyr meir pengar til kommunane.

I tillegg får kommunane over 4 milliardar ekstra i frie inntekter i statsbudsjettet for 2017, melder NRK. Torsdag vert statsbudsjettet frå regjeringa lagt fram.

Pengane som kjem inn, er såkalla frie inntekter som kommunane og fylkeskommunane kan disponere fritt.

– Det gjer at kommunane til neste år kan styrka eldreomsorgen, skulen og andre viktige tiltak, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til NRK.

Skatteinngangen til kommunane blir 4,5 milliardar meir enn det me trudde då me la fram budsjettet i fjor. Det meste kom etter revidert statsbudsjett, fortel Sanner.

– Det ser ut til at ein del skatteytarar har tilpassa seg skattereforma og betalar meir skatt no. Samstundes er det ei positiv utvikling i norsk økonomi, arbeidsløysa synk i store delar av landet. Når skatteinntektene går opp, vert det meir til kommunane, legg kommunalministeren til. 

Til toppen