GLITTERHEIM: Ved Lom i Jotunheimen ligg Glitterheim. Ei av dei fire nye historiske vandrerutene som kjem til i 2018 er ei gamal DNT-rute gjennom Jotunheimen.
GLITTERHEIM: Ved Lom i Jotunheimen ligg Glitterheim. Ei av dei fire nye historiske vandrerutene som kjem til i 2018 er ei gamal DNT-rute gjennom Jotunheimen. (Kallestad, Gorm)

Fire nye historiske vandreruter kjem til neste år, ei av dei er i Jotunheimen

I 2018 skal det kome fire nye ruter i Turistforeininga og Riksantikvaren sitt samarbeidsprosjekt Historiske vandreruter. 

NPK: Prosjektet Historiske vandreruter skal syte for at folk blir kjende med gamle ferdselsårer med unik kulturarv i Noreg, skriv Riksantikvaren i ei pressemelding.
 

Prosjektet starta i 2012, og dei siste åra er det lansert sju historiske ruter. No kan prosjektet vidareførast på grunn av finansiering frå Sparebankstiftelsen DNB.

Dei nye vandrerutene er Gamle Hadelandsvei gjennom Nordmarka, Reisaleden i Nord-Troms, ei historisk DNT-rute i Jotunheimen og stølsvandring i Valdres.

Alle desse skal opnast sommaren og hausten 2018.

Felles for rutene er at dei er rike på inntrykk som skal gjere turopplevinga større, ifølgje Riksantikvaren.

Til toppen