HELSE FØRDE: Laboratoriet til Helse Førde ligg på Førde sentralsjukehus.
HELSE FØRDE: Laboratoriet til Helse Førde ligg på Førde sentralsjukehus. (Foto: Helse Førde/Arkiv)

KORONAVIRUS

Fire nye smitta i Helse Førde

Fire av 393 prøvar var positive.

Helse Førde: Tysdag testa fire personar i Helse Førde sitt område positivt for koronavirus.

I alt testa dei 393 prøvar tysdag. 

Det skriv helseføretaket på sine eigne nettsider. 

Ingen positive måndag

Måndag tok Helse Førde i alt 160 prøvar. Ingen av desse var positive. Tysdagens tal er det høgste sidan torsdag forrige veke. Då testa seks personar positivt. Då vart det samla sett unnagjort 257 prøvar. 

Helse Førde ønskjer ikkje å oppgi frå kvar kommune dei smitta er. 

Tysdag kveld meldte Vik kommune at dei har tre nye tilfelle.

Til toppen