EPLESLANG: Damene frå Ergoterapien i Årdal samla fire øvingar for å styrke muskulatur og balanse. Her utfører Inger Karlsen øvelsen "plukke eple". Foto: Marte Hestetun. 
EPLESLANG: Damene frå Ergoterapien i Årdal samla fire øvingar for å styrke muskulatur og balanse. Her utfører Inger Karlsen øvelsen "plukke eple". Foto: Marte Hestetun. 

Fire øvingar for eldre i lite aktivitet

Måndag heldt Røde Kors årsmøte, der dei blant anna fekk besøk av to damer frå Ergo/fysio i Årdal. 

Årdal: Dei introduserte blant anna fire øvingar som er utmerka for folk i lite aktivitet.

–Alle over 65 må trene for å forebygge fall. Då er det viktig med god muskelstyrke og balanse, seier Skeie.  

DEMONSTRERER: Inger Karlsen demonstrerer korleis ein skal utføre øvelsane.
DEMONSTRERER: Inger Karlsen demonstrerer korleis ein skal utføre øvelsane.

1. Marsjere sitjande

I denne øvelsen byrjar du å marsjere med føttene. Deretter tek du med armane. Fortsett i 2-3 minutt. 

2. Sitjande beinstrekk

Løft ein fot og hald den utstrakt i eit par sekundar. Bytt deretter fot. Repeter 10 gongar per fot. 

3. Plukke eple 

Strekk høgre armen opp og ut til venstre, som om du skal plukke eit eple. Senk deretter armen diagonalt og "legg eple ned i bøtta". 

–Dette er ein veldig god øvelse for balansen, seier demonstrator, Inger Karlsen. 

4. Robåt

Sett deg litt ut på stolen og strekk deg godt fram. Deretter ror du deg bakover, og repeterer. 

Vil ha betre fortau

Ergo/fysio i Årdal skaffar utstyr for 3-4 millionar kroner til brukarar i kommunen kvart år. 

–Det kan vere alt frå enkle dusjkrakkar til avanserte datamaskiner, seier leiar Heidi Skeie. 

Denne gongen fokuserte Karlsen på korleis ein skal bruke rullator, og oppfordra alle besøksvener til å passe på sittestillinga til brukarane.

FOKUS PÅ RULLATOR: Inger Karlsen frå ergoterapien viser korleis ein skal nytte rullator.
FOKUS PÅ RULLATOR: Inger Karlsen frå ergoterapien viser korleis ein skal nytte rullator.

–Det er utruleg viktig for dei som sit i rullestol å endre på sittestillinga. Det skal ikkje mykje til for å gjere ein forskjell!

 Ho nytta anledningen til å poengtere at mange synes fortau i Årdal er dårlege.

– Det gjev store utfordringar for rullestolbrukarar og dei med rullator. 

Tilbakeblikk på året som gjekk

Etter at Skeie og Karlsen hadde takka for seg, sat leiar for Røde Kors i Årdal, Patricia Seglem, i gong årsmøtet. 

Dei har i 2016 handsama 47 saker.

Røde Kors gjeve ut gåver til blant anna MR-maskina på Lærdal Sjukehus, TV-aksjonen, komfyr til rehab-avdelinga og utstyr til Åbo. Alle bebuarane på institusjonane får blome når dei fyller runde og "halvrunde" år, samt til jul og påske.

Organisasjonen har også deltatt på arrangement som Stopp Volden, og førebuinga til Fjord til Fjell. 

Klare mål for 2017

Dette året har Røde Kors i Årdal sett som mål å videreføre vervearbeidet sitt, ha fleire medlemsmøte og halde fram samarbeidet med omsorgtenesta.

Dei vil fortsette å besøke einslege i heimar og på institusjonar, og å arrangere underhaldning ved ÅBO og sjukeheimane. 

Organisasjonen vil halde fram med bevilgning ved katastrofar og anna naudhjelp, og å betale for eit SOS fadderborn. 

Til sjuande og sist har Røde Kors i Årdal som mål å ta vare på kvarandre og støtte kvarandre i arbeidet dei gjer i besøkstenesta. 

Til toppen