Leikanger: Uhellet skjedde på fylkesveg 55 ved Grinde mellom Hella og Leikanger. Vegen var stengt ein kort periode, men er no opna att.
– Det var eit einsleg køyretøy som kom ut av vegen og trefte fjellveggen eller ein knause, seier Olaug Holme ved operasjonssentralen i Florø.
Bilen skulle i retning Hella, og det sat fire personar i bilen. Samtlege var turistar, får Porten.no tips om.
– Desse vart frakta med ambulanse og er på legevakta no for ein kontroll. Patruljen er på veg for å snakka med dei, seier Holme.
Ifølgje Holme skal det ha gått bra med personane som sat i bilen.