DELT: Kommunestyret i Aurland var firedelt i spørsmålet om kvar ny barnehage skal plasserast – Terje Horvei (V, f.v.), Sturle Ryum (Sp), Monica Gjesdal Larsen (MDG) og Leiv Jarle Bergheim (Ap) hadde alle ulike oppfatningar om kva plasseringa bør bli. Gjesdal Larsen sitt framlegg om å ta Vangen barnehage inn att i varmen gjekk ikkje gjennom, men dei tre øvrige framlegga lever vidare før endeleg vedtak etter planen skal gjerast 18. mai. Foto Ole Ramshus Sælthun
DELT: Kommunestyret i Aurland var firedelt i spørsmålet om kvar ny barnehage skal plasserast – Terje Horvei (V, f.v.), Sturle Ryum (Sp), Monica Gjesdal Larsen (MDG) og Leiv Jarle Bergheim (Ap) hadde alle ulike oppfatningar om kva plasseringa bør bli. Gjesdal Larsen sitt framlegg om å ta Vangen barnehage inn att i varmen gjekk ikkje gjennom, men dei tre øvrige framlegga lever vidare før endeleg vedtak etter planen skal gjerast 18. mai. Foto Ole Ramshus Sælthun

Fire politikarar frå fire parti – fire ulike syn på lokasjon for ny barnehage

Meiningane var mange då reguleringsplan for ny barnehage var oppe i kommunestyret i Aurland torsdag. Veldig mykje lengre kom ein vel heller ikkje.

Aurland: Utgangspunktet då formannskapet hadde saka oppe i januarmøtet var om ny barnehage skulle lokaliserast ved Dalen barnehage som ligg ved fv. 50 på vegen inn mot Vassbygdi, eller om ein skulle leggja den til ei tomt mellom Aurland barne- og ungdomsskule (ABU) og Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH).

Lokalisering ved dagens Vangen barnehage hadde vore eit alternativ, men var då skrinlagt,

Men i Formannskapet kom Sturle Ryum (Sp) med framlegg om at ei tomt på Vinjane/Smiebakken nordaust om sentrum vart utgreidd som mogleg plassering. Dette fekk også fleirtal, så utgangspunktet for kommunestyret torsdag var tre moglege alternativ.

Ville gå for SJH/ABU

Og i kommunestyret gjekk politikarane på talarstolen, ein etter ein, og argumenterte for kvar av dei ulike alternativa:

– Eg håpar det kjem til avgjersle i dag. Smiebakken skulle det vera bustader på. No er ikkje behovet fullt så stort lenger, for me har eit par bustadprosjekt på gang. Men det er ikkje sikkert dei blir realiserte, så me veit ikkje behovet for å få bustader i Smiebakken. Dalen er ikkje godt nok eigna. Så eg vil gå tilbake til Sogn jord- og hagebruksskule. Eg ser ikkje konflikt i at det er sett av fem millionar for å berga skulen og å lokalisera barnehage der, sa Terje Horvei (V).

Dermed leverte han inn framlegg om å gå for tomta mellom Aurland barne- og ungdomsskule og Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Artikkelen held fram under biletet

NYTT FRAMLEGG: Terje Horvei (V) kom med sitt framlegg om at tomta mellom Aurland barne- og ungdomsskule og Sogn Jord- og Hagebruksskule blir plassering for ny barnehage.
NYTT FRAMLEGG: Terje Horvei (V) kom med sitt framlegg om at tomta mellom Aurland barne- og ungdomsskule og Sogn Jord- og Hagebruksskule blir plassering for ny barnehage.

Han fekk støtte av Anita Lærum (Ap):

– Eg har same tanken som Horvei; her er det bibliotek, symjehall, idrettsanlegg – alt som trengst rett ved. Dalen blir for langt unna sentrum. Det er rett nok ikkje ønskjeleg å ta grøntareal, men det kjem me til å gjera uansett.

Likte sitt eige framlegg

Ryum tykte derimot framlegget han kom med i formannskapet var like godt, då som no.

– Eg kom ikkje med framlegget for å visa min treneringskunst, men for å sjå kor kjappe administrasjonen er i å greia ut, sa han med ei lett humoristisk undertone.

– Det er fleire problematiske tilhøve ved alternativa som har vore oppe, så eg støttar mitt eige framlegg frå formannskapet.

Han fekk støtte av Jonas Ure Hylland (H):

– Alle er einige om at dette er ei viktig sak. Som folkevald, føler eg at eg aldri får nok informasjon her. Så eg er veldig for at me tek ei vurdering av Vinjane/Smiebakken. Eg vil ikkje sitja att med ei kjensla: «kvifor gjorde me ikkje det». 

Argumenterte mot motargumentet

I formannskapet hadde varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap) kome med framlegg om at ein skulle gå for Dalen barnehage. Dette alternativet røysta berre han sjølv på då, så det fall. Men partikollega Per Are Flåm meinte det måtte vera ei god løysing, og at motargumentet med at det vart mykje køyring til og frå om ein plasserte barnehagen her fall i fisk.

– Eg bur rett ved barnehagen i Flåm, og den ligg midt i bygda. Likevel køyrer hundre prosent av foreldra borna i barnehagen.

Eit kostnadsoverslag for alternativa vart utarbeidd av Asplan Viak då Vangen barnehage framleis var med i dansen. Det vart også det rimelegaste alternativet, i følgje overslaget – 30 millionar kroner. Bygging på tomta mellom ABU og SJH vil kosta 40 millionar kroner og Dalen barnehage 75 millionar kroner.

Trekte Vangen oppatt av hatten

Summane i overslaget er utan moms og det er teke høgde for at endeleg kostnad kan koma på +/- 25 prosent.

Mellom anna difor meinte Monica Gjesdal Larsen (MDG) ein burde plukka fram att Vangen barnehage:

– Me meiner ein bør sjå på denne ei gong til. I rapporten kjem den best ut, minuset er lite uteareal. Men det kan langt på veg løysast med visse grep.

Artikkelen held fram under biletet

ENNO EIT FRAMLEGG: Monica Gjesdal Larsen (MDG) leverer sitt framlegg om å ta Vangen barnehage innatt i varmen.
ENNO EIT FRAMLEGG: Monica Gjesdal Larsen (MDG) leverer sitt framlegg om å ta Vangen barnehage innatt i varmen.

Ut att med Vangen – endeleg avgjersle 18. mai

Gjesdal Larsen leverte såleis inn framlegg om å gå for Vangen barnehage – då gjekk eit lite sukk gjennom kommunestyresalen. Horvei (V) tok også ordet:

– Eg ser ikkje og trur aldri eg kjem til å sjå kva som gjer Vangen til det beste alternativet. Avgrensa areal er ein ting, for kommunen er eigentleg allereie utover sine grenser her. Og ein må riva og byggja oppatt – kvar skal ein gjera av ungane i mellomtida? Det er faktisk eit problem.

Men då det kom til røysting fall også Gjesdal Larsen sitt framlegg – det fekk berre hennar eiga og partikollega Anders Fretheim sine stemmer. Så enden på visa vart at Vinjane/Smiebakken blir utgreidd, og at ei endeleg avgjersle mellom dei tre alternativa ein hadde ved inngangen til møtet blir gjort i kommunestyret 18. mai.

Til toppen