UTBROT: Vik kommune jobbar hardt for å kontroll på smitteutbrotet.
UTBROT: Vik kommune jobbar hardt for å kontroll på smitteutbrotet. (Foto: Arkivfoto)

Fire positive prøver på éin dag i Vik

Undersøkingar tyder på at smitten har kome til bygda frå utlandet, opplyser kommunen.

Vik: Vik kommune melder onsdag kveld at to nye personar har fått påvist koronasmitte.

– Det eine av dei nye tilfella er ein nærkontakt til ein av dei smitta ved Blix Hotell. Denne personen har vore i karantene sidan laurdag. Det andre smittetilhøvet ser førebels ikkje ut til å ha samanheng med smitteutbrotet på Blix Hotell. Begge desse to er no i isolasjon. Smittesporing er i gang, og nærkontaktar vil bli kontakta, skriv kommunen.

Tidlegare same dag melde kommunen om to nye positive testar. Her óg var den eine nærkontakt til ein av dei smitta ved Blix Hotell. Den andre er busett i Vik kommune, men jobbar utanfor landet.

– Personen er i isolasjon, og smittesporing pågår, skriv kommunen.

Talet kjende smittetilfelle i Vik kommune er no oppe i ni. Resultat frå smittesporinga dei siste dagane tyder på at smitten har kome til bygda frå utlandet, skriv kommunen.

Til toppen