SKILT: Vegskilt langs E16 og Rv13 skal skiftast ut.
SKILT: Vegskilt langs E16 og Rv13 skal skiftast ut. (Foto: Google Maps)

Fire selskap vil skifta ut skilt langs to vegar i Sogn

Før nyttår skal gamle skilt bli nye langs Rv 13 og E16.

Indre Sogn: Statens vegvesen skal byta ut skilt på riksveg 13 mellom Vinje og Vangsnes, samt på europaveg 16 mellom Voss og Borgund. Oppdraga skal vera sluttført ved utgangen av november i år, og skilta på riksveg 13 må vera ferdig montert seinast 15. oktober.

Det var Veier24 som omtalte saka først.

I utlysinga var verdien på oppdraget anslått til 3,5 millionar kroner, så prosjektet har blitt mykje billegare enn først pårekna.

Entrepenør Tilbodssum i kroner
Sogn Vegteneste 1 857 613
Bergs Maskin 1 932 543
Byggservice 2 134 625
Mesta 2 305 554

No skal tilboda evaluerast og kontrollerast før noko blir avgjort. 

 
Til toppen