Årdal: – Naturen har sett preg på meg i oppveksten. Ein av grunnane til at eg valde å jobba med energi, er at me ferdast mykje i fjellet, seier lærlingen Jørgen Seglem.
Han er ein av dei som ser til kraftverka som skaffar energien til Hydro sin industri i Årdal. Då Hydro i Årdal hadde folkemøte med bygda med servering av kaffi og kaker, var Seglem den av dei fire unge representantane som kjem frå årdalsbygda. I august gjekk han rett frå Årdal vidaregåande skule og ut i ei toårig lærlingstilling i Hydro.
– Me er mykje ute i fjellområda og ser på demningane og driv med vedlikehald, seier Seglem.
Han trekk fram Mannsberg kraftverk i høgfjellet mellom Årdal og Tyin som ein stad der han har vore mykje.

Håpar å halda fram etter læretida
Vintertid tek han og resten av mannskapet seg fram til kraftverket med snøscooter dersom vêret er bra. Er det derimot tjukk tåke eller uvêr, held dei seg nede.
– Kva om det er noko som akutt lyt fiksast på ved kraftverket medan det er slik tjukk tåke?
– Då lyt me ta oss fram med ski og truge, i fall det heller ikkje skulle vera mogleg å ta seg fram med helikopter, seier han.
Seglem likar å ha ein slik jobb som kan tvinga han opp i fjellheimen kva dag som helst.
– Det er veldig interessant å driva på i fjellet.
– Ser du føre deg ei framtidig stilling knytt til Hydro sine kraftverk i Årdal?
– Om eg får halda fram når lærlingetida er over. Eg trivst veldig godt, og håpar på å verta verande i Årdal, seier Seglem, som gjekk på lina for Teknisk og industriell produksjon (TIP) på Årdal vidaregåande skule i fjor.

- Les også: Elevane ved Teknisk og industriell produksjon (TIP) bygde opp Harastølen i peparkaker
- Les også: Hydro sitt folkemøte i Årdal i 2017
Naturen lokkar ung arbeidskraft
Etter at fabrikkansvarleg Wenche Eldegard og kraftverksansvarleg Johnny Bruheim hadde hatt kvar si innleiing, gav dei ordet vidare til yngre representantar.
Ein av dei, Linn Viktoria Leidal, introduserte seg sjølv, før ho ikledde seg rolla som journalist, og intervjua dei tre kollegaene sine. I intervjua kom det fram at den vakre naturen i Indre Sogn er ei viktig drivkraft for dei unge arbeidstakarane, attåt gleda med jobben.
– Naturen er eit mekka for oss friluftsinteresserte, og er utan tvil det beste med fritida. Me går turar i fjellet og sommarstid og søv i telt. Det vert ein del toppturar, og turar på langrenn. Dei aller fleste av oss er med på ein skitur ein gong i ny og ne, seier Sondre Norhaug.
Han er fagleiar på anodefabrikken på Årdalstangen, og er dermed ein av dei som er engasjerte i Hydro sitt banebrytande elektrolyse-prosjekt.
Open for å bli i bygda
Han seier dei unge tilsette trivst saman.
– Det går aldri ei veke utan at me finn på ting. Me gjer gjerne ein to-tre ting saman på fritida i løpet av ei veke og me har eit godt miljø.
Norhaug kjem frå Gol, og studerte ved NTNU i Trondheim før han kom til Årdal.

– Eg er ikkje framand for å halda meg her i Årdal. Det spørst kor godt eg vil trivast. Per dags dato trivst eg veldig godt i bygda, seier han.
– Og korleis trivst du med sjølve jobben?
– Utruleg godt, seier han entusiastisk.